Følge med

Det er ei lovfesta plikt for alle som arbeider i barnehagen til å følge med på om barna har eit trygt og godt barnehagemiljø. 

Det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for enkeltbarn, og barnegruppa, er ein sentral del av barnehagen sitt arbeid.

Korleis skal vi følgje med? 

  • gjennom å snakke med barna 

  • personalet ser noko eller fangar opp noko i samtaler med andre barn 

  • foreldre melder frå at det har skjedd noko i barnehagen 

  • barn fortel om noko som har skjedd 

  • det er ei endring i åtferd hos enkeltbarn eller i barnegruppa.  

Nokre barn blir stille og trekk seg tilbake eller ut av leiken, mens andre barn gjev tydeleg beskjed når noko vert vanskeleg for dei. 

Alle som jobbar i barnehagen har plikt til å følge med.

Om du har ei uro knytt til eit barn skal du starte med å konkretisere denne uroa, for å få klårheit i om det er noko ein bør jobbe vidare med. Gode verktøy i til dette arbeidet finn du i BTI-rettleiaren.

Sårbare barn

Barnehagen har eit skjerpa ansvar for sårbare barn. Det er viktig at ein kartlegg kven dei sårbare barna er slik at ein kan vere førebudd om ein situasjon oppstår.

Særskilt sårbare barn kan vere: 

  • barn som tidelgare har vore utsett for krenkingar/mobbing 

  • barn med personlege forhold som religion, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, åtferdsvanskar eller sosioemosjonelle vanskar 

  • barn med krevjande familie- og heimesituasjon