Aktivitetsplan

Barnehagen skal dokumentere at aktivitetsplikta vert oppfyllt ved å lage ein aktivitetsplan. Ein slik aktivitetsplan skal lagast når ein set inn tiltak i ein miljøsak. Aktivitetsplanen skal også gi føresette informasjon om kva barnehagen gjer i den enkelte saka, og kva mål ein jobbar etter.

I planen skal det stå: 

  • Kva problem tiltaka skal løyse
  • Kva tiltak barnehagen har planlagt
  • Når tiltaka skal gjennomførast
  • Kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka
  • Når tiltaka skal evaluerast

Kor mykje ein skriv under kvart punkt tilpassast omfanget av den enkelte sak. Ein aktivitetsplan kan ta føre seg ein situasjon eller utfordringar som omfattar fleire barn. Om planen omfattar flere barn, skal ein vere spesielt bevisst på at barnas personvern blir ivaretatt. 

Aktivitetsplanen skal sikre:

  • At barnehagen tek tak i ein sak på ein hensiktsmessig måte
  • Dokumentasjon på at barnehagen tek tak i saka og forpliktar seg til å hjelpe barnet
  • Effektive arbeidsprosessar i barnehagen 

Vurdering av barnet sitt beste

Ein skal handle ut i frå kva som er best for barnet, og det skal vere eit grunnleggande omsyn. Dette må vurderast konkret og individuelt når barnehagen skal oppfylle si aktivitetsplikt. Barnet skal bli høyrt i saker som gjeld seg sjølv. I ei vurdering av barnet sitt beste, skal ein sjå på alle relevante sider ved situasjonen barnet er i.  

I ei vurdering av barnet sitt beste skal ein:

  • vurdere kva som er barnet sitt beste i den aktuelle saka.
  • vekte hensynet opp mot andre hensyn og avgjere kva betydning barnet sitt beste skal ha i saka.
  • vise (dokumentere) innhaldet i barnet sitt beste-vurderinga og forklare vektlegginga av dei ulike omsyna i grunngjevinga for konklusjonen. 

Les meir om barnet sitt beste-vurdering på UDIR: Rettleiing til bruk av barnekonvensjonen i saksbehandling om barnets beste 

Moment i ei vurdering av barnet sitt beste kan vere

  • barnets eige syn og meningar
  • identitet, karaktertrekk og eigenskapar til barnet
  • familiemiljø og nære relasjonar
  • barnet sin rett til vern, omsorg og tryggleik
  • sårbarheita til barnet
  • den fysiske og psykiske helsa til barnet
  • retten barnet har til utdanning, helsehjelp, etc.

Alle momenta er relevante, men i større eller mindre grad ut frå den konkrete situasjonen for barnet. Andre momenter enn dei som er opplista her, kan òg vere relevante.

Når er barnehagen si aktivitetsplikt oppfylt

Aktivitetsplikta varer så lenge barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Dersom tiltak ikkje fungerer må ein evaluere og endre tiltak. Uavhengig av grunnen til at eit barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen peikar ansvaret framover i tid, og er ei streng forplikting for barnehagen. 

Det kan vere tilfelle det aktivitetsplikta er oppfylt sjølv om barnet eller føresette framleis ikkje er fornøgde med miljøet i barnehagen. Aktivitetsplikta vil vere oppfylt dersom barnehagen har gjort det som ein kan forvente og barnehagen har planar for vidare tiltak som er i samsvar med fagleg vurdering.  

Kva som skal til for at aktivitetsplikta er oppfylt i ein konkret sak skal vurderast objektivt ut frå kva som utløyste aktivitetsplikta og kva barnehagen har gjort av tiltak og tilretteleggingar for at barnet skal ha eit godt og trygt barnehagemiljø.