Vegvedlikehald

Meld frå om mørke gatelys, behov for brøyting eller hol i vegen/manglande vedlikehald. 

Korleis melder du frå om feil eller manglar?

 Her kan du melde om feil på veg, gatelys vatn eller avløp.

  Meld feil på veg, gatelys, vatn eller avløp

Utanom opningstid kan du ringe teknisk vakttelefon om det er noko som er akutt: 

Kva er kommunen sitt ansvar?

Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar medan Statens vegvesen har ansvar for fylkes-, riks- og europavegar. 

Trykk her for å finne ut kva vegar som er kommunale

Oppgåvene kan vere:

  • brøyting og strøing
  • feiing og reinhald
  • klipping av vegetasjon
  • vegoppmerking og skilting
  • fjerning av søppel

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skader eller ulukker, gjeld dei allminnelege erstatningsreglane.

Brøyting og strøing

  • Brøyting på kommunale vegar startar når det er 10 cm snø i vegbana. Sandstrøing av vegane vert utført ved behov.
  • Kommunen er delt inn i brøyteroder, og det er private entreprenørar som utfører brøytinga. Brøyting på kommunale snuplassar blir utført av mannskap frå kommunen.
  • Mange stader er gatene smale, og det er liten plass til å brøyte unna snø. Kantstein, gjerde og gjenstandar som blir liggande under snøen er vanskeleg å oppdage, og er difor utsett for skader.
  • Bilar som står parkert langs veg, eventuelt på tun lågare enn den vegen som blir brøyta, kan vere utsett for skade frå hard snø og grus som blir ført med snøen. Dersom du har fått skader etter brøyting må du rapportere til kommunen så snart du oppgdagar skaden.
  • Vinterlagring av utstyr bør gjerast i god avstand frå veg. Marker kantstein og andre murkantar med stikker, gjerne med refleks. Kommunen setter ikkje ut brøytestikker i byggefelta. 

Snø i innkøyrsla di?

Vi får frå tid til anna spørsmål om vi ikkje kan fjerne brøytekantar frå private avkøyrslar. Har du eigedom langs ein kommunal veg, vil du få snø inn i avkøyrsla di. Denne snøen må du som huseigar rydde vekk sjølv.