Reglar for klipping av hekk, busker og tre langs trafikkert vegDu som eig eller er brukar av ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, er ansvarleg for at vegetasjonen ikkje skaper farlege situasjonar. Det betyr at du må klippe hekk, busker og tre slik at alle trafikantane har god sikt.For å få fri sikt, må du sørge for at vegetasjonen ikkje veks utover eigedomsgrensa di.Slik sørger du for fri sikt Dersom avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg Avkøyrsle Statens vegvesen Dersom avkøyrsla di kryssar ein gang- og sykkelveg, må høgda på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Klipp hekken slik at høgda på den er under 0,5 meter ( alterativ 1) eller flytt gjerde og/eller hekk utom frisiktsona( alterativ 2), Det må vere 3 meter fri sikt inn i avkjøyrsla. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunne sjå kidten på gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side. Frisiktsona bør vere over 30 meter dersom gang- og sykkelvegen hallar og syklistane held stor fart. Dersom avkøyrsla di går inn mot fylkesveg Avstand avkøyrsle Statens vegvesen Dersom avkøyrsla di går inn mot fylkesveg, må hekken ikkje overstige 0,5 meter over gateplan. Hekk og gjerde kan og flyttast utom siktsona. Det må vere 4 meter sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunne sjå vegen 45 meter til kvar side når fartsgrensa er 50 km/t. Avstanden aukar med farten. Dersom du har tre ut mot veg, fortau, gang- eller sykkelveg Hekk, busker og tre Statens vegvesen Dersom du har tre ut mot veg, fortau, gang- eller sykkelveg, må greinene ikkje henge lågare enn 5 meter over vegbana. Over fortau og gang- og sykkelveg må greinene ikkje henge lågare enn 3 meter. Du er og ansvarleg for å fjerne greiner som dett ned på veg, fortau, gang- og sykkelveg. Hugs at hekk, busker og tre ikkje må skjule vegmerking, trafikkskilt, gatenamnskilt, gatelys eller anna vegutstyr.Kva skjer om du ikkje gjer noko med trafikkfarlege hekkar, busker og tre ?Dersom vi ser at hekkar, busker eller tre veks utover eigedomsgrensa og utgjer fare for trafikktryggleiken, tar vi kontakt med deg. Du får ein frist for å klippe det som er trafikkfarleg.Om vegetasjonen ikkje vert klipt, kan Sunnfjord kommune i ytterste konsekvens klippe for di rekning og risiko.SpørsmålHar du spørsmål om klipping av hekk, busker og tre langs kommunal veg, ta kontakt med oss på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no eller Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde Sist endra 02.01.2025 14.29