Gravearbeid og deponering av masser i område med kvikkleire kan utløyse skred.
Dersom arbeidet omfatta graving i kvikkleiresone eller i områder med marin leire under marin grense, gjelder følgjande:
- Graving av grøfter som er djupare enn 2 meter:
Geoteknisk vurdering av det konkrete tiltaket SKAL leggast ved. Vurdering skal vere utført av føretak med formell kompetanse innen fagområdet geoteknikk.
- Graving av inntil 2 meter dype grøfter:
Arbeidet kan gjennomførast uten geoteknisk vurdering, men SKAL følge prinsipp som følgjer av NVE sin veileder 1/2019 - Sikkerhet mot kvikkleireskred - vedlegg 2 - Gjennomføring av K0-tiltak uten forverring – Graving av grøfter.
Merk: Ved usikkerhet om tiltaket kan gjennomføres som vist til i veilederen og/eller om tiltaket forverra stabiliteten, må det leggast ved geoteknisk vurdering.
For stabilitet av sjølve grøfta vert det vist til Forskrift om utførelse av arbeid - § 21 Gravearbeid, utgitt av Arbeidstilsynet.
NVE har utarbeidd nye kart over aktsemdområde for kvikkleire.
Karta gjeld for område i delar av tidlegare Førde og Naustdal kommune.
Karta er meir nøyaktige enn dei ein finn på NVE Atlas, men dei er ikkje publiserte utanom i rapporten.
Karta finn de på nve.no
(Vedlegg 8-1 til 8-6 som er å finne på side 76 til 81)
Skjermbilde: NVE