LandbruksvegarSkal du bygge ny traktorveg, skogsbilveg, velteplass eller bygge om ein eksisterande, må du søke om løyve frå kommunen.Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den behandlast som byggesak etter Plan- og bygningslova.Kven kan søke?Grunneigarar som eig landbruksareal (jord og skogbruksareal).Slik søker duDu finn søknadsskjema på landbruksdirektoratet sine nettsiderDu må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina, velteplass og eventuelle massetak.Er det noko tilskotsordning?Du kan søke om tilskot til skogsvegar Ta kontakt med kommunen før du søker. Du kan også bruke skogfond med skattefordel til nybygging og ombygging av skogsbilvegar/traktorvegar i utmark.Landbruksdirektoratet – informasjon om skogfond og kva midlane kan brukast tilKva kostar det?Det er ingen saksbehandlingsgebyr på slike søknader.Kva skjer vidare?Behandlingstida er normalt 3 veker, når søknad og alle nødvendige vedlegg er levert kommunen.Forskrift Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveierForskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.Skogkurs.no – Normalar for landbruksvegar – med byggebeskrivelse Publisert 17.12.2020 14.40