Sunnfjord kommune

Tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg

Tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg

Tilkopling av eigedommen til offentleg vatn og avløp må vere godkjent av kommunen på førehand. Du må søke både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling. 

Søknad om tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg

  • For å kunne kople deg til det offentlege vatn- og avløpsnettet (VA-nett) må du søke kommunen om tilkopling. Det kan gjelde for nye byggetiltak eller dersom du får pålegg om tilkopling etter reglane i plan- og bygningslova. 
  • Søknad om tilkopling til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet. 
  • Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinglyste rettar leggast ved. 

Skal du søke om utsleppsløyve, sjå informasjon om private reinseanlegg og utslepp

Skjema som gjeld tilkopling til vatn og avløp

Saksgang

Før tilkopling kan utførast, skal søknaden vere godkjend, og tilkoplingspunkt påvisast av kommunen. Når tilkoplinga er utført, skal ansvarleg føretak sende melding til kommunen, med dokumentasjon av utført arbeid.

Prisar for vatn og avløp 

  • Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr i samband med at du koplar eigedommen din til det kommunale vatn- og avløpssystemet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. 
  • Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale når eigedommen din er tilkopla det kommunale vass- og kloakknettet.
  • Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/bruksløyve på bygget. Har du spørsmål kring fakturering ta kontakt på 57 72 20 00. 

Vassmålar 

  • Alle bygningar og deler av bygningar som ikkje skal nyttast til bustad, skal ha innstallert vassmålar for registrering av vassforbruk. 
  • Bustadabonnentar kan også installere vassmålar for registrering av forbruk. 
  • Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forventa forbruk, skal dokumenterast og godkjennast før montering. 

Skjema som gjeld vassmålar

Innmelding av målarstand kan du frå januar 2020 gjere via SMS.

Fråkopling av vatn og avløp

Fråkopling av eksisterande stikkleidningar skal utførast av fagkunnig føretak, og meldast til kommunen før fråkopling skjer.

Lover og forskrifter

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon +47 57 72 20 00