Tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg Tilkopling av eigedommen til offentleg vatn og avløp må vere godkjent av kommunen på førehand. Du må søke både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling. Søknad om tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanleggFor å kunne kople deg til det offentlege vatn- og avløpsnettet (VA-nett) må du søke kommunen om tilkopling. Det kan gjelde for nye byggetiltak eller dersom du får pålegg om tilkopling etter reglane i plan- og bygningslova. Søknad om tilkopling til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet. Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinglyste rettar leggast ved. Skal du søke om utsleppsløyve, sjå informasjon om private reinseanlegg og utsleppSkjema som gjeld tilkopling til vatn og avløpSøknad om tilkopling til offentleg VA-nettMelding om installasjon/utskifting av vassmålarFerdigmelding av VA-anleggSaksgangFør tilkopling kan utførast, skal søknaden vere godkjend, og tilkoplingspunkt påvisast av kommunen. Når tilkoplinga er utført, skal ansvarleg føretak sende melding til kommunen, med dokumentasjon av utført arbeid.Prisar for vatn og avløp Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr i samband med at du koplar eigedommen din til det kommunale vatn- og avløpssystemet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale når eigedommen din er tilkopla det kommunale vass- og kloakknettet.Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/bruksløyve på bygget. Har du spørsmål kring fakturering ta kontakt på 57 72 20 00. Vassmålar Alle bygningar og deler av bygningar som ikkje skal nyttast til bustad, skal ha innstallert vassmålar for registrering av vassforbruk. Bustadabonnentar kan også installere vassmålar for registrering av forbruk. Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forventa forbruk, skal dokumenterast og godkjennast før montering. Søknad om tilkopling for vatn og avlaup, og melding om vassmålarSkal du sette opp eit bygg som krev tilkopling til vatn og avlaup, og/eller installere vassmålar, må du sende søknad til kommunen om godkjenning. Du må ta kontakt med eit godkjent firma/røyrleggar, som på vegne av deg kan sende søknad og utføre arbeidet. Du kan ikkje søke som privatperson. Vi gjer merksam på at søknad om sanitærabonnement må vere godkjent før det vert gitt løyve om igangsetting for tiltak etter plan- og bygningslova.Søknaden sender du via Ledningsportalen til Geomatikk Lover og forskrifterVass- og avløpsanleggslovaForskrift om vass- og avløpsgebyr for Sunnfjord kommune Sist endra 12.06.2024 14.18