Sunnfjord kommune brukar ei meldingsteneste som publikum kan nytte for å melde om feil på veg, gatelys og kum.
Framgangsmåte for å melde feil
For å opprette ei ny melding, klikk på Opprett ny melding
- Vel tema for feilen (t.d. veg, gatelys eller kum)
- Vel ei beskriving av kva feilen gjeld (t.d. Mørk lampe)
- Fyll inn kontaktopplysningar
- Fyll inn informasjon om kor feilen er ved å peike i kartet
- Skriv ein kommentar dersom du har fleire opplysningar
- Kryss av for at du har lese personvernerklæringa, og trykk send inn
Meld feil på veg, gatelys og kum
Sist endra 07.09.2026 14.47