Manntal og stemmerett

Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. 

Har du stemmerett?

Du har stemmerett ved stortingsvalet om du er:

  • norsk statsborgar,
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • og er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge

Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Om du har stemmerett, blir du automatisk innført i manntalet i kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2025. Dei som er innført i manntalet får tilsendt eit brev frå valdirektoratet om stemmeretten.

Kommunen legg ut manntalet til offentleg ettersyn når det er klart, rundt 10-15. juli. Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på Førde tenestetorg, som er ope frå måndag til fredag kl. 08.00–15.15.

Du kan også ringe Sunnfjord kommune  57 72 20 00, og få opplyst over telefon om du står i manntalet.

Står du ikkje i manntalet? 

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil rette feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

Adressa til valstyret:

Sunnfjord kommune v/Valstyret
Postboks 338
6802 Førde

E-post til valstyret: postmottak@sunnfjord.kommune.no

Skal du flytte? 

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du stemme i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Bur du i utlandet? 

Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søke om innføring i manntalet.

Du finn meir informasjon for veljarar busett i utlandet på valg.no

  • Sametinget sitt valmanntal

    Sametingets valmanntal blir lagt ut til gjennomsyn, i tråd med forskrift om valg til Sametinget § 8. Manntallet er tilgjengelig for gjennomsyn på Førde tenestetorg, som manntalet til stortingsvalet. 

    Det er mogleg til å krevje retting av valmanntalet. Eit slikt krav må bli sendt sendt Sametinget 

    Sjå meir informasjon på Sametinget si nettside.