Førehandsstemme

Har du allereie bestemt deg for kva du skal stemme? Då kan du førehandsstemme frå 11. august til 5. september. Hugs å ta med legitimasjon!

Fram til no har 2314 veljarar i Sunnfjord kommune førehandsstemt. 

Du kan velje om du vil førehandsstemme eller stemme på valgdagen 8. september, men har du førehandsstemt er det den som gjeld.  

Du kan førehandsstemme ved kommunehusa

Førde tenestetorg, rådhuset

  • Kl. 08.00–15.15 måndag til fredag i veke 33–35 (11.–29. august)
  • Kl. 08.00–17.00 måndag til onsdag i veke 36 (1.–3. september)
  • Kl. 08.00–18.00 torsdag og fredag i veke 36 (4. og 5. september) 

Skei tenestetorg, Sande kommunehus og Naustdal helsesenter (bygg K)

  • Kl. 09.00–15.00 måndag og torsdag i veke 33–35 (11.–28. august)
  • Kl. 09.00–15.00 måndag til onsdag i veke 36 (1.–3. september)
  • Kl. 09.00–17.00 torsdag og fredag i veke 36 (4. og 5. september)
  • Laurdagsope 30. august 

    Du kan førehandsstemmer laurdag 30. august, kl. 12.00-16.00 på følgande stader:

    • Alti Førde (storebrua/skywalken)
    • SPAR Jølstraholmen

Førehandsstemme i Vevring og Naustedalen  

For valet i 2025 vart stemmekrinsane endra. Vevring og Naustedalen krins er slått saman med Naustdal krins. 

Sidan det ikkje blir vallokale i Vevring og Naustedalen på valdagen, blir det lagt til rette for mottak av førehandsstemmer ved: 

  • Dalen næringssenter, tysdag 26. august, kl. 15.00–17.00
  • Nærbutikken Vevring, onsdag 27. august, kl. 15.00–17.00

Stemme heime eller der du er

Om du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan stemme i eit vallokale, kan du søke om å førehandsstemme heime eller der du oppheld deg. 

Å stemme heime skjer nesten på same måte som i et vallokale:

  • To valmedarbeidarar kjem heim til deg og har med seg nødvendig utstyr, inkludert eit stemmesetelsett med alle partia som stiller til val og blank.
  • Du skal usett velje stemmesetelen du ønsker å stemme på.
  • Valmedarbeidaren sjekkar legitimasjon, og stemplar stemmesetelen.
  • Du slepp stemmesetelen ned i urna. Valet er hemmeleg, så du beheld sjølv stemmesetlane du ikkje brukar.

Send søknad innan 4. september 

Fristen for å søke om å stemme heime er torsdag 4. september, klokka 12.00.

Fyll ut søknadsskjema

Ring sentralbordet 57 72 20 00 om du treng hjelp til å fylle ut skjemaet.

  • Sametingsvalet

    Du kan førehandsstemme til sametingsvalet i dei same vallokala for stortingsvalet.

    Om du er manntalsført og vil stemme ved sametingsvalet må du kontakte ein valmedarbeidar i vallokalet for å få utlevert stemmesetlar. 

    Sjå meir informasjon om sametingsvalet på Sametinget sine nettsider.

Andre måtar å førehandsstemme på 

Bur du utanfor Sunnfjord kommune? 

Nettsidene til valdirektoratet, valglokaler.no, blir oppdatert med oversikt over vallokale for førehandstemming i andre kommunar. 

Meir informasjon om valet?

Les meir om stortings- og sametingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider