Ordførar i Sunnfjord kommune
Måndag 16. september
Kl. 09.00: Møte Sunnfjord Hotel
Kl. 11.30: Planleggning jurymøter
Kl. 12.00: Møte Førde IL
Kl. 12.30: Styremøte Sunnfjord Utvikling
Kl. 18.00: Samarbeidsmøte Kent, USA
Kl. 19.30: Gruppemøte Sp
Tysdag 17. september
Kl. 08.15: Intervjuv Marita Skeie
Kl. 09.00: Intervjuv Ole Johnny Devik
Kl. 10.00: Synfaring Åskåra
Kl. 18.00: Gruppemøte hovedstyret KS
Onsdag 18 september
Kl. 08.00: Kraft i Vest
Kl. 08.00: Styremøte i Bustadstiftinga ved sentralsjukehuset
Torsdag 19. september
Kl. 08.30: Formannskapet, Statsforvaltaren
Kl. 15:00: Opning tiltak 14, E39/Hafstadvegen
Kl. 16.0: Europarådets Kommunalkongress - introduksjonsmøte
Kl. 20.00: Programmøte
Fredag. 20 september
Kl. 08.00: Møte i KLPs valgkomite
Kl. 09.00: Hovedstyremøte KS
Kl. 17.30: Jakta på Stjernene, Sentrum Sør
Laurdag 21. september
Kl 10.30 Folkefest
Jenny Følling frå Senterpartiet er ordførar i Sunnfjord kommune for perioden 2023 til 2027. Ho leiar kommunestyret og formannskapet sine møte og er kommunen sin rettslege representant. Ho er også kommunen sin fremste folkevalde representant og kommunen sitt ansikt ut til folket.
Jenny Følling er fødd 19. mars 1962 og var fylkesordførar i Sogn og Fjordane i perioden 2015 til 2019 og varaordførar frå 2011 til 2015. Ho har vore representant i fylkestinget sidan 2003, og sit i KS sitt Hovudstyre.
Ho var ordførar i Gaular kommune frå 2003 til 2011.
I perioden frå 2020 til 2021 var Jenny varaordførar i Sunnfjord kommune. Ho vart ordførar då Olve Grotle vart vald inn på Stortinget og er attvald som ordførar i Sunnfjord.
Jenny Følling er utdanna agroteknikar og har tidlegare arbeidd som næringskonsulent i Gaular kommune og ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.
Varaordførar i Sunnfjord kommune
Reiakvam
Henrik Nordal (Ap)
Varaordførar
E-post: henrik.nordal@politikar.sunnfjord.no
Telefon: 99 28 43 09
Henrik Nordal frå Arbeidarpartiet er varaordførar i Sunnfjord kommune for perioden 2023 til 2027. Han leiar kommunestyret og formannskapet sine møte, om ordføraren har forfall. Varaordføraren er også leiar for administrasjonsutvalet.
Henrik er gift, tre born (f. 2014-2019) og bur i Førde.
Henrik har ei allsidig yrkeserfaring å sjå tilbake på. Mellom anna har han jobba i industrien ein periode, som oppmålingsassistent, barnehageassistent, skuleassistent, miljøarbeidar, i skulefritidsordninga (SFO), telefonseljar, Forsvarets internasjonale operasjonar på Balkan (x3) og Afghanistan, Etterretningstenesta, og Utanriksdepartementet. Han har òg bakgrunn frå tillitsmannsapparatet som arbeidsplasstillitsvald (ATV).
Henrik jobbar i dag som sakshandsamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet ved sia av rolla som varaordførar. Han er utdanna samfunnsvitar frå Universitetet i Oslo.