Ordføraren ønsker at du som innbyggarar kan vere med å løfte fram tema som er viktige for deg. Ho vil derfor teste ei ny ordning. Innbyggerappen er ei godt eigna plattform som ho vil bruke. Svar på spørsmål blir berre publisert i innbyggarappen på ordføraren si side, du får ikkje personlege svar. Ho vil derfor velje spørsmål som er mest relevante for fleire.
Litt om ordninga
- Det kan fort kome mange spørmål, så ho vil velge dei som er mest relevante for fleire eller dei som er mest dagsaktuelle.
- Du får ikkje personleg svar på spørsmålet ditt, men ved å stille det i plenum kan du løfte opp eit tema du synest er viktig.
- Ho vil poste svaret innbyggarappen, på ordføraren si side i Lokalt. Du kan følge denne sida og få varsel når ho postar noko nytt.
- Du lastar ned appen i GooglePlay eller AppStore – søk Innbyggerappen – vel Sunnfjord kommune.
- Spørsmåla sender du inn anonymt, så ikkje skriv inn namnet ditt. Om du meinar det er relevant, så kan du seie noko om kven du er ved å skrive “småbarnsfar”, “ungdom”, “tilflyttar” eller liknade.
- Det er berre spørsmål som blir valt ut som blir publisert. Når ordføraren har valt ut spørsmål, så blir innboksen sletta.