Sunnfjord kommune

Politisk styring

Politisk styring

Ordførar og varaordførar for Sunnfjord kommune vart valt av kommunestyret 28. oktober 2021. Gruppeleiarane er valde av partigruppene. 

Ordførar i Sunnfjord kommune

Jenny Følling, SP - Klikk for stort bilete Reiakvam foto  

Jenny Følling (Sp)
Ordførar 

E-post: jenny.folling@sunnfjord.kommune.no
Telefon: 479 05 990

Følg ordføraren på Facebook

Jenny Følling frå Senterpartiet er ordførar i Sunnfjord kommune. Ho leiar kommunestyret og formannskapet sine møte og er kommunen sin rettslege representant. Ho er også kommunen sin fremste folkevalde representant og kommunen sitt ansikt utad.

Jenny Følling er fødd 19. mars 1962 og var fylkesordførar i Sogn og Fjordane i perioden 2015–2019 og varaordførar frå 2011 til 2015. Ho har vore representant i fylkestinget sidan 2003. 

Ho var ordførar i Gaular kommune frå 2003 til 2011. 

I perioden 1. januar 2020 til 27. oktober 2021 var Jenny varaordførar i Sunnfjord kommune. Ho vart ordførar då Olve Grotle fekk fritak frå folkevalde verv for å arbeide i Stortinget.

Jenny Følling er utdanna agroteknikar og har tidlegare arbeidd som næringskonsulent i Gaular kommune og ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.    

Varaordførar i Sunnfjord kommune


Anne Lilleaasen, H - Klikk for stort bilete Reiakvam foto     

Anne Lilleaasen (H)
Varaordførar

E-post: anne.lilleaasen@sunnfjord.kommune.no

Anne Lilleaasen frå Høgre er varaordførar i Sunnfjord kommune. Ho har ei 60 % stilling og har kontortid på rådhuset tysdag til torsdag. Varaordføraren si oppgåve er å hjelpe ordføraren. Dersom ordføraren mellombels trer ut av sitt verv, rykker varaordføraren opp som ordførar. 

Anne Lilleaasen er fødd 27. april 1965. Ho var representant i kommunestyret 2011-2019 og leiar for Utval for Skule og kultur 2015-2019 i Gaular kommune.

Anne Lilleaasen er utdanna innanfor økonomi og leiing og arbeider ved sidan av varaordførarvervet som seniorrådgjevar i Helse Førde. Ho har mange års erfaring innanfor leiing- og økonomiområdet innanfor privat- og offentleg sektor, samt i organisasjons- og frivilligheitsarbeid.

Gruppeleiarar i Sunnfjord kommunestyre

 

Sjå også