Sunnfjord kommune

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet står for det løpande tilsynet med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. Utvalet innrapporterer arbeidet sitt til kommunestyret etter at kommunedirektøren har gitt sin uttale. 

Kontrollutvalet i Sunnfjord kommune

Kontrollutvalet har 5 valde medlemmar med personleg vara, inkludert leiar og nestleiar. Alle er valde av kommunestyret. 

Oversikt over møta i kontrollutvalet og møtedokumenta finn du møtekalenderen til kontrollutvalet

SEKOM-sekretariat

SEKOM-sekretariat er kontrollutvalssekretariat for fleire kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. 

Etter forskrift som er heimla i kommunelova, skal sekretariatet for kontrollutvalet vere uavhengig både i høve administrasjonen og revisor. Sekretariatet skal sjå til at saker som vert behandla av kontrollutvala er forsvarleg utgreidd og at vedtak i utvala vert sette i verk.