Kort fortalt
- Reglane og beløpa finn de i Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår 2023–2027 (PDF, 466 kB).
- Du får automatisk betalt møtegodtgjersle for kommunale folkevalde organ.
- Du må sjølv krevje møtegodtgjersle for møte i andre eksterne utval, representantskap o.l.
- Du må sjølv krevje dekking av tapt inntekt, reiseutgifter eller andre utgifter.
Godtgjersle
Ordføraren og varaordføraren får fast årleg godtgjersle, og ikkje ekstra for å delta på møte. Leiarar av hovudutval og kontrollutval, og medlemmene i formannskapet får også ei fast årleg godtgjersle og ekstra betaling for møtedeltaking.
Møtegodtgjersle er eit fast beløp for kvart møte, som også dekker førebuing til møtet. Møtegodtgjersle for kommunale folkevalde organ blir automatisk betalt ut basert på frammøte i møteprotokollane. Sjå beløpa i reglementet for folkevalde sine arbeidsvilkår.
Du må sende krav om utbetaling av møtegodtgjersle for deltaking i andre møte der kommunen sitt politiske sekretariat ikkje er til stades. Døme på slike utval er samarbeidsutval ved skular og barnehagar, representantskap, KS fylkesmøte og liknande.
Møtegodtgjersle blir betalt ut to gongar i året, 12. juni og 12. desember.
Dekking av tapt inntekt
Om du er folkevald og mistar arbeidsinntekt fordi du må delta i pliktige møte eller andre oppdrag, kan du få dekt dette tapet. Send eit krav om å få dekt inntektstapet til politisk sekretariat på e-post: politikk@sunnfjord.kommune.no
Dokumentert tap av inntekt
Du kan få dekt dokumentert tap av inntekt opp til 4 918 kroner per dag. Du må legge ved dokumentasjon frå arbeidsgjevar med omfanget av tapet. Arbeidsgjevaren din kan lage ei oversikt med signatur (elektronisk signatur er òg greitt). Du kan også fylle ut skjemaet under og levere med arbeidsgjevar si underskrift.
Om du er sjølvstendig næringsdrivande må tapt inntekt bli dokumentert av rekneskapsførar eller skatteoppgjeret, og eigenmelding. Dokumentasjonen må innehalde årsløn som sannsynleggjer kravet.
Ikkje-dokumetert tap av inntekt
Folkevalde som må forsømme sine ordinære gjeremål for å ivareta eit kommunalt tillitsverv (studentar, pensjonistar, heimeverande, frilansar mv.) kan få dekt tapet. Tapet gjeld også for reisetid til og frå pliktige møte. Ikkje-dokumentert tap blir dekka med inntil 246 kr per time og inntil 1844 kr per dag.
Du må sende ei eigenerklæring som sannsynleggjer tapet, med oversikt over møtedato, kva møtet gjeld og tal på timar.
Dekking av utgifter
Folkevalde har rett på dekning av reise, mat, og overnatting når dei reiser for vervet. Dei får også dekka utgifter tilknytta vervet, inkludert kostnader for barnepass og andre omsorgsoppgåver dei må setje bort for pliktige møte.
Reiseutgifter
Reise-, mat- og overnattingsutgifter i samband med pliktige møte eller oppdrag blir dekka etter det kommunale reiseregulativet Folkevalde må melde inn utgifter til reise, mat og overnatting i Visma. Sjå rettleiing på Visma si nettside for folkevalde.
Om du har problem med å bruke Visma, fyll ut skjemaet nedanfor og send det til politisk sekretariat, politikk@sunnfjord.kommune.no
Andre utgifter
Folkevalde får dekt utgifter til avløysar, barnepass, omsorgsansvar eller liknande, som følgje av pliktige møte. Det blir som hovudregel anten berre betalt ut erstatning for tapt inntekt eller for slike utgifter.
Generelt om utbetaling
- Krav om møtegodtgjersle eller dekking av tapt inntekt bør bli sendt inn innan tre månadar.
- Krav for møte i inneverande år må blir sendt inn innan 15. januar året etter for å bli ført på rett rekneskapsår. Det vil seie at alle refusjonskrav for 2023 helst skal blir meldt inn seinast 15.01.2024.
- Utbetaling er den 12. kvar månad. For å vere sikker på at kravet blir med, bør du sende det innan den 1. i månaden.