Vurdering av habilitet

Du som folkevald har sjølv ansvar for å gje beskjed om forhold som gjer eller kan gjere deg inhabil i ei politisk sak du skal vere med å behandle.

Habilitetsreglar 

Reglane om habilitet står i kommunelova § 11-10 og forvalningslova § 6 . I rettleiaren Habilitet i kommunar og fylkeskommunar (PDF, 5 MB) vert det gjort nærare greie for habilitetsreglane i forvaltningslova og kommunelova. 

Etter forvaltingslova § 8, andre ledd, skal det politiske organet sjølv avgjere om den folkevalde er habil til å ta del i behandlinga av ei sak. Folkevalde må difor alltid av eige tiltak vurdere om ho eller han er inhabil. Det er eit mål at spørsmål om habilitet vert avklart i god tid før den aktuelle saka skal opp til behandling. Sjekk difor saklistene for møta god tid i forkant.

Det blir vurdert om den folkevalde har ei slik tilknyting til personar, sak eller selskap, er at det kan vere eigna til å svekke tilliten til at den folkevalde er upartisk. Vurderinga skal vere objektiv og inneber ikkje noko form for mistillit til vedkomande personleg. 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66