Habilitetsreglar
Reglane om habilitet står i kommunelova § 11-10 og forvalningslova § 6 . I rettleiaren Habilitet i kommunar og fylkeskommunar (PDF, 5 MB) vert det gjort nærare greie for habilitetsreglane i forvaltningslova og kommunelova.
Etter forvaltingslova § 8, andre ledd, skal det politiske organet sjølv avgjere om den folkevalde er habil til å ta del i behandlinga av ei sak. Folkevalde må difor alltid av eige tiltak vurdere om ho eller han er inhabil. Det er eit mål at spørsmål om habilitet vert avklart i god tid før den aktuelle saka skal opp til behandling. Sjekk difor saklistene for møta god tid i forkant.
Det blir vurdert om den folkevalde har ei slik tilknyting til personar, sak eller selskap, er at det kan vere eigna til å svekke tilliten til at den folkevalde er upartisk. Vurderinga skal vere objektiv og inneber ikkje noko form for mistillit til vedkomande personleg.