Forfall, fritak og fråtreding

Informasjon om korleis du melder frå om forfall til møte, korleis du søker om fritak frå verv og kva som kan føre til at du må tre ut av vervet. 

Forfall til møte i folkevald organ 

Som folkevalde har de både rett og plikt til å delta i møte i kommunestyret, eller i andre folkevalde organ de er medlem av,  med mindre de har gyldig forfall. Gyldig forfallsgrunn kan vere sjukdom, reise eller andre hindringar som gjer det umogeleg eller svært vanskeleg å møte.

Oversikt over oppsette møte i folkevalde organ ligg på kommunen si nettside under møteplanen.

Viss du ikkje kan kome til eit møte,  må du straks melde frå til politisk sekretariat. 

Send e-post til politikk@sunnfjord.kommune.no om kva møte du ikkje kan kome til og kvifor.  Du kan også fylle ut skjema: 

Skjema - Meld forfall til politisk møte

Er du ikkje lenger valbar?

Det finst ulike grunnar til at folkevalde går ut av vervet sitt. Kommunelova § 7-2 nemner fleire årsaker til at folkevalde ikkje kan veljast lenger. Dersom du flyttar frå kommunen i løpet av perioden, må du gå ut av vervet. Men, du kan kome tilbake til vervet om du flyttar tilbake til kommunen innan to år.

Folkevalde må informere Politisk sekretariat, politikk@sunnfjord.kommune.no, dersom dei veit om årsaker til at dei ikkje kan veljast lenger.

Søke om fritak frå verv 

Dersom det gjev deg ei vesentleg ulempe å utføre vervet som folkevald, kan kommunestyret godkjenne ein søknad om fritak. Fritaket kan vere midlertidig eller for resten av valperioden. Når kommunestyret behandlar søknaden din, skal dei vurdere om du visste om utfordringa då du sa ja til å stille til val. Hugs at du ikkje kan starte i vervet igjen før fritaksperioden er over.

Søknad om fritak frå verv skal bli sendt til Politisk sekretariat, politikk@sunnfjord.kommune.no. Søknaden din må innehalde grunngjeving for fritaket og tidsrommet det gjeld for.