eDialog – Send oss post elektronisk, heilt trygt! Du kan no sende elektronisk post til kommunen på ein sikker måte. Ved å bruke eDialog kan du trygt sende oss alle typar brev - også om brevet inneheld sensitive og teiepliktige opplysingar. Korleis bruke eDialog Gå til eDialog Logg inn med ID-porten Du kan no skrive og laste opp vedlegg i skjemaet. Du kan også svare på post frå kommunen på denne måten Slik brukar du skjemaet Fyll ut obligatoriske felt (merka med raud *) Vel om du er privatperson eller verksemd Skriv i «Tittel» kva saka gjeld – gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brev I «Kommentar» fyller du ut svaret ditt Du kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støtta Klikk på «Send». Sendinga vert då kryptert og sendt direkte til Sunnfjord kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS eller e-post Når kan du bruke vanleg e-post Du kan bruke e-post for vanlege spørsmål til kommunen, så lenge du ikkje skriv teiepliktige eller sensitive opplysingar. E-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no Sist endra 19.04.2023 14.32