Innsyn

Alle innbyggjarar, næringsdrivande og media kan be om innsyn i kommunen sin offentlege informasjon. Innsynrett er ein rett til å sjå offentlege dokument og all offentleg informasjon som er lagra. Det finst reglar som avgrensar denne retten, men alle saksdokument skal i utgangspunktet vere opne for innsyn.

Innsynsrett i offentlege dokument

Sunnfjord kommune gjer dei offentlege postjournalane sine tilgjengelege for publikum i postliste på heimesida. Ein journal er systematisk og fortløpande registrering av inngåande og utgåande dokument som vert registerert i sak- og arkivsystemet. I offentlegheitslova , kapittel 3 er det spesifisert ein del opplysningar som ikkje skal leggast ut i ein offentleg journal. Etter tolv månader vert journalar fjerna frå heimesida. For dokument som er eldre enn tolv månader send ein forespørsel om innsyn til postmottak@sunnfjord.kommune.no . Det er berre opplysningar som vert journalført i sak- og arkivsystemet som er tilgjengeleg i offentleg journal, og ikkje journalføringar i andre fagsystem.  

Ved krav om innsyn vert personopplysningane utlevert i samsvar med personopplysningslova, helselovene, offentleglova og forvaltningslova og andre særlover. Det er utarbeidd tryggleikstiltak og rutinar for system som inneheld personopplysningar og særlege tiltak for dei systema som inneheld sensitive personopplysningar. 

Innsyn personopplysningar

Alle som spør, har rett til grunnleggande informasjon om behandlinga av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslova si § 15. Sunnfjord kommune vil sende ut oversikt over behandlingar innanfor dei ulike tenesteområda ved førespurnad.

Dei som er registrerte i eit av Sunnfjord kommune sine IKT-system har rett til innsyn i eigne opplysningar. Vedkommande har òg rett til å be om at urette, ufullstendige eller opplysningar som Sunnfjord kommune ikkje har lov til å behandle vert retta, sletta eller supplerte. Krav frå den registrerte skal verte svart på utan kostnad og seinast innan 30 dagar.

 

Du kan be om innsyn ved å kontakte kommunen på:

Sentrale lover og rettleiarar

  • Personopplysningslova regulerer kommunen sin behandling av personopplysningar.
  • Offentleglova med forskrifter inneheld reglar for når eit dokument er offentleg tilgjengeleg, og når eit dokument skal unntakast offentlegheita. Sunnfjord kommune praktiserer meiroffentlegheit. Det vil seie at kommunen så langt det er mogleg vel at dokument skal vere offentleg.  Dokument som er offentlege er tilgjengeleg i postjournal på heimesida. 
  • Rettleiar til offentleglova
  • Forvaltningslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka di vert behandla. Som part i saka har du særskilde rettar, blant anna om innsyn i saksdokumenta. 
  • Arkivlova gir reglar for korleis arkivskapar skal behandle og oppbevare saksdokument, og reglar for avlevering til arkivinstitusjon. 
  • Helseregisterlova inneheld reglar om korleis helseopplysningar skal behandlast, dette omfattar korleis dei vert sikra, kven som har tilgang og om dei kan utleverast til andre.
  • Særlover