Namn med to eller fleire ledd har berre stor bokstav i første ledd, til dømes:
- Førde helsetun
- Jølster omsorgssenter
- Naustdal sjukeheim
- Gaular bygde- og sjukeheim
Politiske utval, komitear og nemnder skal skrivast med liten forbokstav:
- kommunestyret
- formannskapet
- leiarmøtet
- fellesnemnda
- styringsgruppa
- helse- og sosialutvalet
- ungdomsrådet
- viltnemnda
Titlar
Titlar skal ha liten forbokstav. Dette gjeld òg når tittelen står under namnet å visittkort som avsendar i brev.
- kommunedirektør
- kommunalsjef
- einingsleiar
- konsulent
Bygningar
Namnet på bygningar skriv vi med stor forbokstav når den konkrete bygningen vert omtalt som særnamn, til dømes Rådhuset (men: Oslo har eit rådhus). I samanstilling med Oslo vert bygningsnamnet skrive med liten forbokstav. Til dømes Oslo rådhus, Førde barneskule og Lunden barnehage.
Lover og forskrifter
Det skal vere liten forbokstav i namn på lover, unnateke Grunnlova.
- plan- og bygningslova
- vegtrafikklova
- barnehagelova
- forskrift om bålbrenning
Stor forbokstav i namn på organ og institusjonar
Vi skriv til dømes Kongen, Regjeringa, Stortinget, Fylkesmannen, Kyrkja, Hæren, Høgsterett med stor bokstav når det dei blir brukte som institusjonar. Vi skriv staten, statsministeren, departementet, kommunen, politiet og kommunedirektøren med liten forbokstav.
- Er det snakk om eit konkret embete, skriv vi Fylkesmannen med stor F: Eg fekk eit brev frå Fylkesmannen i Vestland. Vedtaket frå Fylkesmannen er...
- Er det snakk om personen, skriv vi fylkesmannen med liten f: I går drakk eg kaffi med fylkesmannen i Vestland.
- Er det snakk om forvaltingsorganet generelt, og ikkje eit konkret embete, skriv vi fylkesmannen med liten f: Det er fylkesmannen/fylkesmennene som har ansvar for dette.