Etiske dilemma - oppvekst

I arbeids kvardagen kan det oppstå små og større hendlingar som utfordrar oss i høve dei etiske retningslinjene til kommunen. Her finn du ulike dilemma som kan oppstå i oppvekstsektoren. 

Arbeid med etiske retningslinjer i oppvekst sektoren

Einingsleiar går årleg igjennom etiske retningslinjer med si eining. Det vert sett av tid på samlingar eller kontormøter til å døfte ulike dilemma som kan vere relevante. Døftinga kan skje i mindre grupper eller  samla for eininga. Det er ein fordel at kvar deltakar får litt tid til å tenke igjennom dilemmaet individuelt før fellesdrøfting i gruppa.

Etiske retningslinjer 

Etiske dilemma for oppvekst sektoren

Likebehandling:

  • Klasselistene for neste skuleår vert distribuert av rektor, og det viser seg at ein av elevane som kjem er son/dotter til ein barndomsvenn av deg. De har vakse opp saman, og har framleis mykje kontakt på fritida. Vil du greie å likebehandle eleven både i vurdering og korrigering? 

Interessekonflikter:

  • Ein lærar  på skulen din sel privateundervisning utanom arbeidstid. Det er førebels uklart om det skjer gjennom eit selskap, eller som «svart arbeid». Er dette eit problem? 
  • Du har utvikla eit forhold til ein føresett utan at det er offisielt. Ved nytt barnehageår gir styrar deg ansvar for barnegruppa der eit av barna til vedkomande går. Korleis handterer du dette?
  • Du utviklar eit forhold til ein av dine underordna. Korleis handterer du dette? 
  • Du er tilsett i ein barnehage/skule for å forsterke tilbodet til Anders.  Anders er funksjonshemma.  Avdelinga/klassen du arbeider i er nett no inne i ein vanskeleg fase.  Kollegaene dine strever med å få gruppa til å fungere godt og meiner dei er for knapt bemanna.  Difor utsett dei deg for sterke forventningar om å bruke meir tid og innsats på heile gruppa.  Dette vil gå ut over den tida du har til å ta deg av Anders.  Valet blir om du skal velje lojalitet til Anders, slik stillingsinstruksen  din  tilseier, eller til gruppa, slik kollegaene dine ventar. 

Arbeidsmiljø:

  • Ein kollega omtalar til stadighet at andre driv med «homsefakter» når han skal omtale ting han ikkje likar. Du er usikker på om dette er haldningar eller umedviten språkbruk. Korleis reagerer du?
  • Det er fest på arbeidsplassen. Det har vore høgt trykk over tid, og fleire har bestemt seg for at i kveld «tek vi han heilt ut». Det utviklar seg til eit skikkeleg fyllekalas som kjem til å bli hugsa, men ingenting gale skjer. Ein i kollegiet deler bilete frå festen på SOME, av kollegaer som ikkje er i sin beste tilstand. Kva gjer du?
  • Tema arbeidsmiljø: Det blir laga ei sosial «turgruppe» på arbeidsplassen. Berre nokre utvalde blir invitert. Er dette greitt? 
  • Du opplever at ein kollega du over tid har likt å samarbeide med har byrja å streve med klasseleiinga si. Det er lite struktur, dårleg førebudde opplegg og det blir ein del uro. Du ser at det er byrja å gå ut over elevane/borna, blant anna ved at kollegaen din m.a. ikkje møter barna på rette måten i kommunikasjon. Du opplever at kollegaen din ikkje bryr seg så mykje. Kva gjer du?
  • Du kjenner ein av dine kollegaer som ein noko inneslutta person. Det kan vere litt tungt å samarbeide med han/ho på grunn av dette. Du har ikkje noko å utsetje på kvaliteten på det arbeidet personen elles gjer. Det hender ofte at personlegdomen  er omtalt når han/ho ikkje er tilstades. Du har også høyrt spydige kommentarar retta mot personen direkte der han/ho unnlèt å svare. Du kan sjå at han/ho tek seg nær av det. Kva gjer du?

Utøving av arbeidet:

  • Lærarar har stor fridom i å utføre den delen av arbeidet som handlar om for-, etterarbeid og fagleg ajourføring. Er du då medviten på kva opplysningar du eventuelt tek med deg ut frå arbeidsplassen (vurderingsarbeid, karaktersetting, individopplysningar) som ikkje skal komme på avvegar? 
  • På arbeidsplassen er det ein del attraktive stillingar/funksjonar med ulike ansvarsområde innan leiing eller fagleg leiing. Det er og knytt lønsmidlar til desse. Desse blir ikkje lyst ut, men sirkulerer mellom ei avgrensa gruppe arbeidstakarar. Kva tenker du om dette?  
  •  I elevgruppa du har ansvar for er det ei jente som er dotter av ein lege og ingeniør. Utad i samunnet vert foreldra opplevd som ressurssterke foreldre. Noko du òg ser på foreldremøta. Du byrjar etter kvart så sjå at jenta har utfordringar som du ikkje alltid klarar å «setje fingeren på». Men etter kvart kan du ikkje unngå å legge merke til alle likskapane det er med ei sak du var involvert i tidlegare eit år. Den gangen var det ein gut i klassa, som budde åleine med ei uføretrygda mor. I førre sak konkluderte både du og leiinga relativt raskt at dette var av alvorsgrad der skulen måtte melde frå til barnevernet. Korleis handterer du bekymringa di i denne nye elevsaka? 
  •  Du er tilsett i 8. klasseteamet på ungdomsskulen der eldste dotter di går i 10 .klasse. I løpet av av vårsemesteret fangar du opp frå kollegaene dine at det er byrja å utvikle seg litt åtferdsutfordringar i ei elevgruppe, der dei ser at dette kan medføre redusert fagleg resultat dersom problemet vedvarer. Du fangar tilfeldig opp at son din er involvert. Du observerer at kollegaene dine køyrer elevsamtalar og jobbar med elevgruppa, men du vert ikkje kontakta som føresett. Du vert bekymra for både åtferdsvurdering og vurdering i standpunkt for son din, og veit at han truleg vi skjerpe seg ganske raskt dersom han får vite at du er kjend med kva han er involvert i. Kva gjer du? 
  • Du og ein kollega deltek på i 40-årskalas som de vart invitert med på i samfunnshuset. Det er ein stor fest med mange frå lokalsamfunnet til stades. Ein del av gjestene er føresette på skulen i ulike klassar.  Kollegaen din vert i «litt for godt humør» og du registrerer at han startar å snakke litt om «jobbsaker». Kva gjer du? 
  • Kine arbeider i barnehage. Ho er ei aktiv dame på Facebook. Eit av barna i barnehagen har nettopp mista bestemora si. Ein dag får Kine spørsmål frå barnet sin mor om dei kan vere FB-vener. Dei skriv ofte til kvarandre. Barnet fortel mykje om det tragiske dødsfallet til bestemora i barnehagen, og dette snakkar dei to voksne om på sin ”direktekontakt” på Facebook. Altså er det ingen andre som ser det dei skriv. Kine fra barnehagen fortel mor at dette har gått sterkt inn på barnet, og at spesielt Unni, ei av jentene på avdelinga, har trøsta barnet veldig, siden henna stefar også  døde i sjølvmord. Er dette akseptabelt? Kvar bør dialogen mellom Kine og mor til barnet føregå?

Pengar og eigedelar: 

  • Du veit at det aldri er utleige på skulen/barnehagen i helgane. Du har lyst å sysselsette familien og nokre bestekompisar av ungane dine på ein trasig regnværsdag. Du foreslår litt fysisk aktivitet og leik innandørs. Sidan det er ein positiv aktivitet, der du som har nøklar og kan reglane for rommet er tilstades, tenkjer du det er greitt å låse seg inn i gymsalen/leikerommet. Er det det? 
  • Det er konfirmasjon i familien der du har lova å stille med mikrofon og musikkanlegg. Du veit at andre som òg har konfirmasjon same dag har streva med å få tak i tilsvarande utstyr, og du veit at det som står på musikkrommet på skulen du arbeider på hadde vore perfekt. Er det greit å låne? 
  • Du har fått tildelt litt ekstra ressurs inne i klassen/avdelinga di, men ser etter kvart at det ikkje er trong for dei ut frå det som var grunnlaget for tildelinga. Du har hatt det litt stritt på privaten i det siste, og opplever samarbeidet med ein kollegaen, som er inne på den ekstra ressursen, som eit ekstra lysglimt i arbeidsvekene. De har m.a. kunne lage ein del meir spanande faglege opplegg, og du opplever å ikkje vere så åleine om ansvaret. Ein gang i blant tenker du på at leiinga har sagt noko om at ein bør gje beskjed dersom ein undervegs ser at ein kan få frigjort ressursar. Kva gjer du? 

Openheit og dialog:

  •  Du sit på pauserommet der du og kollegaene byrjar å snakke om sosiale media. Ein kollega seier han aldri vert ven med nokon han har hatt lærarrelasjon til, og nektar å legge til elevar sjølv lenge etter at dei har gått ut av skulen. Ein annan kollega seier at ho legg til elevar som sjølv ber om å bli ven med henne, og tenker det er praktisk med tanke på at elevar, som sjølv ønsker det, kan få rask kontakt med henne om behov for det. Ein annan kollega seier at han berre er ven med elevar på skulen som er i venegjengen til eigne ungar. Han seier han må vere ven med dei fordi det m.a. er kjapt å kommunisere med dei når han er med dei på ulike treningsreiser og aktivitetar. Kvar går grensene meiner du? Og- er det ulike grenser på ulike sosiale media? 
  • Ein av dine kollegaer er misnøgd med eit felles vedtak som gjeld endring av arbeidsrutiner. Vedkomande tek dette opp som tema i uformelle situasjonar som i pausar. Du opplever at saka tek fokus vekk frå arbeidet med borna slik at deira tilbod vert dårlegare.  Kva bør/kan du gjere i denne situasjonen? Korleis kunne din kollega ha fremja si misnøye på ein betre måte?

Har du forslag til andre aktuelle dilemma for din sektor?

Send dilemma for di eining til informasjon@sunnfjord.kommune.no