Sunnfjord kommune er ein ny kommune, og ønsker å bruke visjon og verdiar som gode verktøy for å sjå heile den nye kommune som ein heilskap. Visjonen og verdiane hjelper oss i å gå i same retning og i å prioritere.
Visjonen peikar framover, og gjev retning, men den fungerer også kvar dag.
Visjon: Saman blir vi drivande gode
Verdiar: Vi er EIN
Engasjert
- Ein engasjert kommune er ein kommune som til ei kvar tid veit at dei jobbar for innbyggarane.
- Kommunen bryr seg om menneske, bygg, natur og kommunen si framtid, er handlekraftige og har god driv framover.
- Den engasjerte kommunen er bygd på kompetente, kunnskapsrike og framtidsretta menneske, som vil kommunen sitt beste, og som står på for å hjelpe og yte service.
Inkluderande
- Ein inkluderande kommune er ein raus og open kommune med tilsette som møter alle med respekt.
- Kommunen ser alle, og søker å møte alle sine behov på ein open og imøtekommande måte.
- Kommunen er samlande for alle som arbeider der.
Nær
- Ein nær kommune er ein kommune du har tillit til. Ein nær kommune kjenner innbyggarane sine og tar dei på alvor.
- Innbyggarane kjenner seg trygge i møte med kommunen, og dei veit at dei som arbeider der er til å stole på.
- I kommunen jobbar ein tett med kvarandre – og tett på innbyggarane.
Sist endra 26.11.2025 15.32