Økonomiplan for 2024–2027
Sjå økonomiplan 2024 - 2027
Økonomiplanen har to hovudfokusområde
- Det er prioritert driftstiltak innan handlingsrommet i økonomiplanen. Handlingsrommet er aukande frå 10,2 mill. kroner i 2024 til 62,7 mill. kroner i 2027.
- Det er prioritert investeringar innanfor handlingsregelen om at lånegjelda ikkje skal utgjere med enn 100 % av driftsinntektene i planperioden. Det gir rom for å auke låneopptaket utover årleg avdrag med 105 mill. kroner til kjøp av Hafstad vgs. i 2024 i tillegg til 60 mill. kroner fordelt med 30 mill. kroner i 2025 og 30 mill. kroner i 2026.
Nøkkeltal
- Driftsrekneskapen for 2022 viste samla driftsinntekter på 2 336 mill. kroner.
- Netto driftsresultat er 37 mill. kroner eller 1,6 % av driftsinntektene. Det er 22 mill. kroner lågare enn rekneskap 2021 og 10,4 mill. kroner betre enn revidert budsjett 2022.
Folketalsutvikling
Det er lagt til grunn folketalsframskriving frå SSB med høg nasjonal folketalsvekst i Sunnfjord kommune. Det utgjer ein auke i tal innbyggjarar med 388 (1,7 %) frå 22 215 pr. 01.01.2023 til 22.603 innbyggjarar pr. 01.01.2027. For landet er det lagt til grunn folketalsframskriving med middels nasjonal folketalsvekst på 1,7 % i planperioden. I 2022 auka folketalet i kommunen med 99 personar (0,4 %). Det er stort fokus på tiltak for å få folketalsvekst gjennom både kommuneplanen sin samfunnsdel og arbeid med rekruttering. Dei demografiske framskrivingane for planperioden viser auke i tal barn i barnehage med 74, nedgang i tal grunnskuleelevar med -154 og stor auke i tal eldre i aldersgruppa 67-89 år med 484 personar.
Effektivisering og innsparing
Det er tilrådd ei trinnvis opptrapping av effektiviserings- og innsparingstiltak med mål om 40 mill. kroner i økonomiplanperioden, det vil seie 10 mill. kroner i 2024, auka med 10 mill. kroner til totalt 20 mill. kroner i 2025, auka med 10 mill. kroner til totalt 30 mill. kroner i 2026 og ytterlegare 10 mill. kroner til totalt 40 mill. kroner i 2027.
Tidlegare økonomiplanar for Sunnfjord kommune
Økonomisk analyse frå Agenda Kaupang