Alle som spør, har rett til grunnleggande informasjon om behandlinga av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslova si § 18 1. ledd. Sunnfjord kommune vil sende ut oversikt over behandlingar innanfor dei ulike tenesteområda ved førespurnad.
Dei som er registrerte i eit av Sunnfjord kommune sine IKT-system har rett til innsyn i eigne opplysningar. Vedkommande har òg rett til å be om at urette, ufullstendige eller opplysningar som Sunnfjord kommune ikkje har lov til å behandle vert retta, sletta eller supplerte. Krav frå den registrerte skal verte svart på utan kostnad og seinast innan 30 dagar.
Du kan be om innsyn ved å kontakte kommunen på:
Sist endra 18.10.2024 11.38