Innbyggerappen

Sunnfjord har eigen innbyggerapp med aktivitetar, arrangementer og nyhende. Appen har også nødinformasjon som er tilgjengleg for deg når det er ei krise. Denne er synleg også når internett er nede. 

Last ned appen

  1. Søk opp Innbyggerappen i App Store , Google Play og last ned
  2. Vel Sunnfjord kommune.

 

Les viktig nødinformasjon òg når internett er nede

Dette er informasjon som òg er synleg for deg når internett ikkje funger. 

Her nyttige nummer og nødinformasjon om tilfluktsrom, utdeling av jodtablettar og mykje meir er på veg.

Du må ha lasta ned appen før internett er nede for at du skal kunne få fram denne nødinformasjonen.

Informasjonen er på norsk og engelsk. Fint om du hjelper ikkje-norskspråklege vener og bekjente med å laste ned appen sik at dei òg får viktig nødinfomasjon om det skulle bli nødvendig.

Om du har lyst å utforske denne modulen, så er det berre å skru av wifi og mobilnett på telefonen og trykke inn på appen.

Skjemdup frå app - Klikk for stort bilete

 

Tilpasse innbyggarappen etter dine interesser

Appen er personalisert.  Det betyr at om du kryssar av for kva du er intressert i, så vil i større grad innhald som er intressant for deg vere synleg.

Skjermdump av app - Klikk for stort bilete

 

Noko av det du kan finne i innbyggarappen

Aktivitetar
Du kan finne aktivitetskalenderen, Det skjer, med over 1400 ulike aktivitetar og arrangement.

Nytt frå lokalsamfunnet
I modulen Lokalt kan du lese nyhende som ulike aktørar her delt som: nærmiljøråda, ungdomsklubbane, lag, organisasjonar og mykje meir.

Nyhende
Det ligg nyhende karusellar på framsida av appen frå kommunen, NRK Vestland, Vestland fylkeskommune, SUM, Sunnfjord utvikling, Sunnfordjord.no

Politikk
Ordføraren deler frå sin kvardag. Du kan òg finne møteplan for politiske møte og sendingar frå KommuneTV.

Informasjon og involvering
Du finn oppdatert informasjon om prosjekt, planar, endringar i tenester og mykje meir. I mange av desse er det også lagt til rette for at du som innbyggar kan vere med å seie di meininig.

Eigne sider tilpassa ungdom, senior og barnefamiliar
Desse er utviklar saman med innbyggarane. Dei inneheld snarvegar og nyhende som er aktuelle for akkurat desse gruppene.

Ver, trafikk og politilogg
Dette ligg synleg nede på framsida i appen til ei kvar tid. Om sommaren finn du også badetemperatur.

Beredskap
Vi deler artklar med tips og råd til eigenberedskap. Du vil òg kunne finne nummer til ulike vakttelefonar og nødinformasjon.

skjermdump frå app - Klikk for stort bilete
skjermdump frå app - Klikk for stort bilete
skjermdump frå app - Klikk for stort bilete

 

Ønsker du å bruke innbyggarappen for å dele innhald sjølv?

Du kan bruke innbyggarappen til å dele aktivitetar som du er arrangør for.

Du kan også bruke appen til å dele nyhende frå til dømes lag og organisasjonar.

 

 

Friskliv og frivilligsenter

Friskliv og frivilligsenteret har ein eigen modul for påmelding for aktivitetane sine som krev påmelding. 

Du kan melde deg på både som gjest og med brukar. Dersom du vel å opprette ein brukar, så får du oversikt over dei aktivitetane du har meldt deg på og har høve til å meld deg av att.

Det er på same måte som når du har ein brukar i ein nettbutikk du brukar å handel i. Du får oversikt over ordrane du har gjort tidlegare.

Du trykker på den grønne knappen meld deg på for å komme vidare til påmelding anten om du vil gjere det som gjest eller vel den blå logg inn knappen som kjem til syne i det neste steget.

lenke til påmeldingsmodulen 

skjemdump av app - Klikk for stort bilete

Sjå nyhende delt i Lokalt

 

Sjå aktiviterar og arrangement delt i kalenderen