Appen er personalisert. Det tyder at du må gjere eit par ting sjølv for at du skal få det innhaldet du ønsker.
Vel den/dei kategoriane du tilhøyrer.
- Innbyggar
- Ungdom
- Barnefamilie
- Senior
- Besøkande
.Vel du å følge andre kategoriar enn du tilhøyrer vil du få innhald som ikkje er tilpassa deg. Vi forsøker heile tida å få innhald tilpassa dei ulike kategoriane slik at du skal kjenne at appen gir deg det du vil ha. Når vi sender ut push-varsel blir dei også tillpassa etter desse kategoriane.
Interesser
Kva ønsker du å sjå når du rullar nedover i appen? Informasjon frå kommunen, friluftsliv, lokalpolitikk, helse, idrett også vidare. Her kan du hake av så mange du vil.
Arrangørar
Vel å følge så mange du vil. Her kan du plutseleg oppdage noko du ikkje visste frå før.
Varslingar
Om du lar oss varsle deg, så får du pushvarsel når det kjem noko nytt som du intresserer deg for.
Du har høve til å krysse av for kva type informasjon du ønsker å få varslingar på. Du kan velje både målgruppekategoriar og interessekategoriar. Ved å definere kva målgruppe du identifiserer deg med, og krysse av for interessekategoriar, kan du få informasjon om det du synest er interessant.