Bruk klart språk – bli forstått

Ein av tre opplever at dei ikkje forstår informasjon frå det offentlege. Det er eit problem. Klart språk fremjar demokrati og skapar tillit. Prøv deg på språkkvissane til kommunen – klarspråk er eit handverk som du kan lære.

Språkprofil

Enkelt forklart, så betyr klarspråk at lesarane; finn den informasjonen dei treng, forstår den og kan bruke den til å gjere det dei skal.

Kommunen har eigen språkprofil som viser korleis du kan skrive klart. Språkprofilen fortel også korleis vi brukar nynorsk i kommunen.

Gutt merd pc sittande illustrasjon av Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

Prøv språkkviss

Sjekkliste for klare tekstar

  • Har eg plassert hovudbodskapen tidleg i teksten? 
  • Har eg ei overskrift som fortel kva teksten handlar om? 
  • Har eg brukt mellomtitlar og punktlister? 
  • Har eg brukt «du» og «de» der det passar?
  • Har eg tilpassa teksten til hen som skal lese den? 
  • Har eg forklart vanskelege faguttrykk? 
  • Har eg lese gjennom teksten og retta feil? 
  • Har ein kollega lese gjennom og gitt meg tilbakemeldingar? 
Dame med headset illustrasjon av Gregory Idehen - Klikk for stort bilete