Den norske skrivemåten for datoar har rekkefølga dag-månad-år. Klokkeslett skriv vi med punktum mellom timar og minutt. Når det gjeld telefonnummer, følger vi Post- og teletilsynet sine offisielle skrivereglar for telefonnummer.
Datoar
- 04.03.2018 (brev og dokument)
- 4. mars 2018 (i løpande tekst)
Klokkeslett
Bruk tankestrek (–) mellom tidspunkt, ikkje bindestrek (-). Då skal det ikkje vere mellomrom før og etter tankestreken:
Dersom du skriv frå eit tidspunkt må du også ha med til eit tidspunkt:
- Frå kl. 09.30 til kl. 10.30
Telefonnummer skriv vi med to og to siffer. Døme: 57 72 20 00
Bokstav eller siffer
Ein god tommelfingerregel er at vi skriv tala med bokstavar opp til og med tolv i vanleg tekst. Du kan skrive tal under tolv med siffer når du vil vere særleg tydeleg, til dømes ved prosent. I tekstar med mykje tal, der tala er hovudsaka, bør vi vanlegvis skrive alle tala med siffer. Innanfor same setning eller avsnitt bør vi vere konsekvente og velje enten siffer eller bokstavar. Døme: Dei var 4, 8 og 32 år gamle.
- Skriv kroner fullt ut etter beløpet, ikkje kr.
- Bruk mellomrom ved tusen – 500 000 (ikkje punktum)
- Ved store beløp, skriv 1,2 mill. kroner (bruk ein desimal og punktum etter mill.)
- Ikkje bruk komma og bindestrek 100,- til slutt i beløpet (for øre)
Store tal
Store tal ordnar vi i grupper på tre og tre siffer. Det skal ikkje vere punktum.
- 22 000 innbyggarar
- 6 500 100 kroner
- 4 345 personar. Du kan òg skrive det slik 4345
Språkrådet om tai, tid og dato
Språkkviss