Ofte stilte spørsmål frå tilsetteHer finn du svar på ofte stilte spørsmål om sjukmelding, ferie, løn, pensjon og andre ting som gjeld arbeidsforholdet ditt i Sunnfjord kommune. Eigenmelding ved sjukdom - når kan eg bruke den? Når du har vore tilsett i 2 månader, kan du bruke eigenmelding ved sjukdom. Hugs å ta kontakt med leiaren din første fråværsdag. Eigenmelding ved sjukdom - når kan eg ikkje bruke den? Du kan ikkje bruke eigenmelding før du har vore tilsett i 2 månader (før det må du ha sjukmelding) dersom du samtidig har ei gradert sjukmelding i forlenging av ei sjukmelding når du har oppnådd maksdato når du har brukt 24 eigenmeldingsdagar i løpet av siste 12 månader når du har brukt 8 dagar med eigenmelding innanfor dei siste 16 dagane Dersom du har vore sjuk i meir enn 16 kalenderdagar samanhengande (arbeidsgjevarperioden), må det gå 16 nye kalenderdagar før du kan bruke eigenmelding igjen. Sjuke barn - når kan eg vere vekke frå arbeid på grunn av sjuke barn? Når du har vore tilsett i 1 månad, kan du bruke eigenmelding i 3 samanhengande kalenderdagar om du har sjuke barn under 12 år. Frå 4. dag, må du levere legeerklæring på at barnet er sjukt. Dette gjeld også om den som til dagleg passar barnet, er sjuk. Kor mange dagar du har rett til å vere heime med sjuke barn totalt i løpet av eit år, vil variere med tal barn og omsorgssituasjon. Sjukmeldt i eitt år - kva skjer då? Når du har vore sjuk i eitt år får du vanlegvis inntil eitt års permisjon utan løn, og om sjukdomen varer utover dette kan du få permisjon i ytterlegare eitt år. Vilkår for å få permisjon er at du er under behandling og at det er utsikt til betring. Du må søke permisjon i den perioden du er sjukmeldt utover eitt år. Er det ikkje noko betring i helsesituasjonen din etter to år, vil arbeidsgjevar vurdere oppseiing eller du kan seie opp stillinga di sjølv. Permisjon - kva permisjon har eg rett på? Alle permisjonar du kan søke om står i permisjonsreglementet. Det finn du i Personalhandboka kap 6 .NB! Du må vera pålogga Citrix for at lenka skal virke. Ferie - har eg rett på å få tilbake ferien ved sjukdom? Er du 100 % sjukmeldt når ferien starter, kan du kreve å få utsatt ferien. Er du derimot gradert sjukmeldt, skal du ta ferie som planlagt. Er du 100 % sjukmeldt minst ein arbeidsdag i ferien, har du rett på å få ferien igjen seinare. Vert du sjuk medan du er på ferie i eit EØS-land, har du rett til ny ferie med lønn. Om du ferierer i eit land utanom EØS, har du rett til ny ferie, men utan lønn. Føresetnaden for at du kan få igjen ferien er at du kan dokumentere sjukdommen med legeerklæring frå feriestaden. Legeerklæring må du legge fram for einingsleiaren din når du starte opp igjen i arbeid. Du får berre erstatta tal dagar du har vore sjukmeldt. Ferie - kor mange dagar kan eg overføre til neste år? Du kan søke om å overføre inntil to ferieveker + 4 dagar ferie til neste år. Du har ikkje noko krav på å få overført ferie, arbeidsgjevar avgjer. Du må søke om overføring i god tid. Løn - om eg har fått utbetalt for mykje eller for lite løn - kva gjer eg då? Ta kontakt med einingsleiar. Skade - kva skal eg gjere om eg skadar meg i eller utanfor arbeidstida? Det er litt ulike rutinar ut frå kor alvorleg du skader deg og om det er i eller utanfor arbeidstida. Uansett så kontaktar du din leiar som hjelper deg med å fylle ut alle skjema. Vi har omtala dette i Personalhandboka kap. 10.NB! Du må vera pålogga Citrix for at lenka skal virke. Forsikringar - kva forsikringar har eg i Sunnfjord kommune? Som tilsett i Sunnfjord kommune har du desse forsikringane:Gruppelivsforsikring som gjeld utbetaling ved dødsfall.Yrkesskadeforsikring (lovfesta) som gjeld medisinsk invaliditet, ervervsuførheit og dødsfall som følge av yrkesskade/yrkessjukdom i arbeid på arbeidsstaden i arbeidstida. Tariffbestemt yrkesskade omfattar det same som yrkesskadeforsikring, men gjeld på direkte reise til/frå arbeid og på tenestereise.Ulykkesforsikring på fritid.Tenestereiseforsikring.Sjå Personalhandboka kap 10NB! Du må vera pålogga Citrix for at lenka skal virke. Oppseiingstid - kor lang oppseiingstid har eg? Vanlegvis gjeld desse oppseiingstidene, men du kan også bli enig med leiaren din om ei anna oppseiingstid. Gjensidig oppseiingstid arbeidstakar/arbeidsgjevar:Fast tilsett: 3 månader oppseiingstidMellombesl tilsett: 1 månad oppseiingstidMellombels tisett i inntil 2 månader: 14 dagarVed skriftleg tilsetting med inntil 6 månader prøvetid: 14 dagar i prøvetidaDet er eigne reglar for fast tilsette med minst 10 år samanhengande teneste i kommunen Oppseiingsfrist for arbeidsgjevar:Arbeidtakarar etter fylte 50 år har minst 4 månader oppseiingstidArbeidstakarar etter fylte 55 år har minst 5 månader oppseiingstidArbeidstakarar etter fylte 60 år har minst 6 månader oppseiingstidOppseiingsfrist for arbeidstakar etter fylte 50 år: 3 månader Pensjon - om eg lurer på noko om pensjon, kven tek eg kontakt med? Pensjonskontakt i Sunnfjord kommune er Audhild Oli Helgås, audhild.oli.helgas@sunnfjord.kommune.no, tlf 57 61 26 69. Ta kontakt om du har spørsmål eller har behov for rettleiing når du skal søke. Rus på arbeidsplassen - om eg ser ein medarbeidar som eg trur er rusa, kva bør eg gjere då? Då skal du kontakte din leiar og informere han/ho om kva du har sett/observert. Du kan og kontakte AKAN- hovudkontakt i kommunen som er Jennny Thomassen Nyland hos bedriftshelsetenesta AVONOVA; telefon: 97 16 44 98. Avvik - korleis melder eg det? Du går inn på Intranett og klikkar på avvik (oppe på menylinja). Lenke direkte til Meld avvikDå opnar kommunen sitt elektroniske avvikssystem seg, og du rapporterer avviket innanfor den rette kategorien. Du kan også melde avviket på papirskjema, kontakt leiaren din.NB! Du må vera pålogga Citrix for at lenkene skal virke. Varsling av kritikkverdige forhold - kva er varslingssaker og korleis melder eg dette Å varsle er å seie frå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Døme på kritikkverdige tilhøve kan vere:Tilhøve som kan føre til fare for liv og helseMobbing og trakasseringKorrupsjonMaktmisbrukUnderslag, tjuveri og økonomisk misleghaldBrot på teiepliktDiskrimineringSunnfjord kommune nytter elektronisk system for varsling. Du går inn på Innsida (må vere innlogga) - klikkar på Rettesnora - klikkar på Varsling og Meld. Varselet vert sendt til kommunedirektøren. Sjå og prosedyre nr 11 i HMS-handboka.NB! Du må vera pålogga Citrix for at lenka skal virke. Hovudtillitsvalde og hovudverneombod - kor finn eg oversikt over dei? Her finn du oversikt over hovudtillitsvalde og hovudverneombod i Sunnfjord kommune. Lov og regelverk som som styrer tlsettingsforholdet mitt i Sunnfjord kommune - kor finn eg det? På Intranett til kommunen vil du finne personalhandboka. HMS-handboka. NB! Du må vere pålogga Citrix for å få tilgang til Itranett.I tillegg har vi lagt ut ein del Lover, reglement og avtaleverket på kommunen si internettside. Her kan du lese og laste ned dokument utan å vere innlogga. Kompetansetillegg - kva er det? Kompetansetillegg er eit lønstillegg som du kan få om du tar relevant vidareutdanning. Du kan få frå 7500 – 30 000 kroner avhengig av omfanget av utdanninga. Fullstendige retningslinjer for kompetansetillegg finn du i personalhandboka. Politiattest - kven treng det? Om du jobbar i barnevern, ungdomsklubb, barnehage, skule, kulturskule, PPT eller innan pleie og omsorg, skal du levere politiattest før du startar å arbeide. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader. Du må søkje politiattest elektronisk på www.politi.no. For å søke må du legge ved «Stadfesting av føremålet med politiattest». Denne stadfestinga får du ved å vende deg til einingsleiar der du skal starte i jobb/jobbar. Sist endra 14.10.2024 10.34