Du som leiar har ansvar for at dei tilsette i eininga er kjent med kommunen sine etiske retningslinjer, og at dei blir følgde. Du har også ansvar for at det blir sett av tid til å drøfte og reflektere over ulike etiske dilemma.
Sidan einingane i kommunen er ulike i organisering og storleik, så er det ikkje ein måte å arbeide med etiske retningslinjer. Du vil finne nokre tips her til korleis du kan arbeide med å gjere retningslinjene kjent i di eining.
Gjennomgang av retningslinjene på avdelingsmøte
Einingsleiar går årleg igjennom etiske retningslinjer med si eining. Dilemma som er utarbeidd for kvar sektor er meint som eit hjelpemiddel. Det kan vere lettare å kjenne att situasjonar som er på grensa om eininga/arbeidsgruppa har drøfta ulike etiske dilemma.
Det er åtte ulike retningslinjer, så du som leiar må vudere om det er best for di eining med ei lengre økt eller om du ønsker å dele opp tema, og ha fleire korte økter over tid. Det siste kan vere effektivt for å halde tema aktuelt. Du kjenner behovet i di eining.
Gruppearbeid med dilemma
Gruppearbeid om etiske dilemma kan skje i mindre grupper eller samla for eininga. Det er ein fordel at kvar tilsett får litt tid til å tenke igjennom dilemmaet individuelt før fellesdrøfting i gruppa.
Du kan også dele dei tilsette inni mindre grupper, og be dei møtast sjølve fysisk eller i videomøte innan ein bestemt dato. Ein gruppeleiar for kvar gruppe kallar inn til møtet og rapporterer tilbake til leiar at det er gjennomført. Det kan vere eit lengre møte (1 til 1,5 time) eller fleire korte (halv time).
Du kan til dømes arrangere etikk-cafè i eining eller ei avdeling, og ha ein lavterskel for drøfting av ulike etiske dilemma.
Rettesnora
Etiske retningslinjer vil bli lagt inn på Rettesnora med lesebekrefting. På denne måten vil du ha oversikt over at kvar tilsett har lest dei etiske retningslinjene.
Som leiar må du sikre at nye tilsette får lest retningslinjene.
Nye forslag til etiske dilemma eller gode måtar å arbeide med etikk i eininga
Lista over etiske dilemma kan vi utvide og endre på etter behov. Du kjenner din sektor. Kanskje er det dilemma som du ønsker å ha inn på lista som ikkje er der i dag. Forslag til andre etiske dilemma kan du sende til: informasjon@sunnfjord.kommune.no
Har du innspel til gode måtar å arbeide med etikk i eininga som du vil dele med andre, så kan du sende tips til same e-postadressa. Kjem det inn gode tips, så vil vi dele dei her på denne sida.