Sunnfjord kommune

Søknad om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg - 2023

Søknad om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg - 2023

Gregory Idehen Frå 15. september 2022 kan ein levere søknad om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, for behandling i 2023. Tildeling av kompensasjon forutset bevilging frå Stortinget. Dersom bevilging ikkje rekk til full kompensasjon, vil den prosentvise avkortinga vere lik for alle godkjende søknader.

Alle som søker om kompensasjon må merke seg følgjande punkt:

  • Ufullstendig søknad og vedlegg vil kunne føre til at søknaden ikkje vert behandla.
  • Ordninga omfattar alle som søkjer om spelemidlar og oppfyller vilkåra for å motta spelemidlar gjennom Kulturdepartementet si tilskotsordning for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, med unntak av kommunar/fylkeskommunar og kommunale foretak. Spelemiddelsøknaden må vere i formell orden før søknaden om kompensasjon kan innvilgast.
  • Anlegget må vere ferdigstilt før ein kan søkje om kompensasjon. Rekneskapsskjema og revisjonsrapport skal inngå som vedlegg til søknaden og må oversendast innan fristen.

Søknad:

Ein søker elektronisk via nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Der finn ein og vedlegg som må vere med søknaden.

Søknadsskjema og vedlegg

Søknadsfrist:

1. desember 2022

Meir informasjon om ordninga