Bli støttekontaktSom støttekontakt får du lønn av kommunen for å hjelpe eit anna menneske til å få eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid. Behov for støtte- og treningskontaktDet er mange i Sunnfjord kommune som treng støtte- eller treningskontakt. Nokon treng hjelp i ein overgangsfase, medan andre har større behov. Dette kan vere personar som har vanskar med å kome seg ut på eiga hand, eller som på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem har behov for ei tilrettelagt fritid. Krav til søkarvere over 16 årha politiattest og skrive under på teiepliktskjemaDu bør vere sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for personen du skal hjelpe, bør du kunne binde deg over ein lengre periode. Slik søker duSøk om å bli støtte- eller treningskontaktKva skjer vidare?Vi tek kontakt med deg for eit lite intervju. Har du spørsmål, ta kontakt medVil du snakke med støttekontakttenesta før du søker, ring Catrine Langedal 90811667, eller tenestetorget på 57 72 20 00.Du kan også sende ein e-post til: stotteogtreningskontakt@sunnfjord.kommune.no Sist endra 28.08.2025 12.29