Dialogisk lesing av "Pølsetjuven" i tre fasar

Dialogisk lesing er ein strukturert høgtlesingsmetodikk for å fremje barnet sitt ordforråd og evne til å bruke språket, men den dialogiske lesinga legg også vekt på å gje ei positiv leseoppleving her og no, i fellesskap med andre. 

Vi deler den dialogiske lesinga i tre faser. 

Fase 1: LESESTUND

Vi introduserer boka og gjer oss klare til å lese saman. Borna lyttar gjennom heile høgtlesinga, og får først stille spørsmål når vi har lese forteljinga heilt ferdig. Saman finn vi godord i teksten, ser på bileta og snakkar om det vi ser. Når vi leitar etter gode ord kan vi sjå etter:

•    Gode ord - gode å arbeide med: 
    lar seg konkretisere (jobb-byte-senter), visualisere (gigastort slott), dramatisere (tryllekunstnar)
    Sjeldne ord (tokt, godis)
    Gode å seie:  (hestetemjar, grønsaksbonde)
    Varierte (ord som sluttar på -sjåfør,)
•    La barna velje: 
    Morosame ord
    Rare ord
    Ord dei vil fortelle noko om


Fase 2: LESESTUND MED SAMTALELESING. 

Her les vi boka endå ein gong, og  alle avbrot er velkomne. Om ikkje borna kjem med så mange spørsmål, kan den vaksne aktivere barna ved å stille spørsmål. Desse spørsmåla har vi førbudd slik vi har sett døme på i bolken om lesestopp.  Barna får prøve å hugse godorda og att-fortelje sekvensar i boka.  

Fase 3: LESESTUND MED FELLES-LESING

Her kan vi starta med at eitt av barna i gruppa får oppsummere handlinga i boka. Så les vi boka saman ein gong til. Her vekslar vi mellom den vaksne si høgtlesing og barna si att-forteljing. 
Til slutt vurderer vi boka. Var det noko du likte spesielt godt med denne boka? Var det noko du ikkje likte så godt? 

Vi kan gje boka vurdering med smilefjes eller terningkast. Lesinga kan avsluttast med ein quiz om innhaldet eller illustrasjonane. Vidare er det mange mulegheiter for å arbeide kreativt og tverrfagleg vidare med utgangspunkt i denne boka. 

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har laga ein pedagogisk ressurs der elevane får lage teikneseriar som eit slikt kreativt arbeid i bakkant av lesinga.

Heile ressurspakken kan lastast ned her