4. klasse "korps i skulen"4. klasseprosjektet er eit rekrutteringstiltak for korpsa i Sunnfjord kommune. I staden for vanleg musikkundervisning i skulen, får elevane på 4. trinnet velge instrumentundervisning med ein av kulturskulen sine lærarar. Dei lærer då grunnferdigheiter på instrumentet (kornett, althorn, baryton eller fløyte), lærer notar og å spele i lag. Kompetansemål Etter fullført 4. klasse får elevane tilbod om å starte som aspirant i næraste korps. Sjå under for oppdatert liste over skular som er med i prosjektet 2021-2022: Vassenden skule Førde barneskule Sunde skule Slåtten skule Flatene skule