Korps i skulen er eit rekrutteringstiltak for korpsa i Sunnfjord kommune og Sunnfjord kulturskule.
I staden for vanleg musikkundervisning i skulen, får elevane på 3. eller 4. trinnet velge instrumentundervisning med ein av kulturskulen sine lærarar.
Dei lærer då grunnferdigheiter på instrumentet, lærer notar og å spele i lag.
Kompetansemål 
Etter eit år får elevane tilbod om å starte som aspirant i næraste korps eller kan søkje på instrumentet på kulturskulen.
Sjå under for oppdatert liste over skular som er med i prosjektet 2024-2025:
- Vassenden barneskule (4. klasse)
 - Førde barneskule (4. klasse)
 - Slåtten skule (4. klasse)
 - Flatene skule (4. klasse)
 - Bygstad skule (3. klasse)
 - Sande skule (3. klasse)