Rettleiande prisliste og vilkår ved tinging av tenesterNår ein kunde tek kontakt med oss med ønske om å booke ein av våre distriktsmusikar ser prosessen slik ut: kunden kontaktar administrasjonen i kulturskulen og sender førespurnad. Den bør innehalde: - Arrangementet sitt namn, dato, klokkeslett og stad - Planlagde øvingsdagar med klokkeslett (viss tilfelle) - kven av musikarane de ynskjer å bestille - andre musikarar som er involverte - musikkynskje administrasjonen spør musikaren/ musikarane om dei kan ta oppdraget administrasjonen sender pristilbod kunden godkjenner pristilbodet administrasjonen sender ut stadfesting som er bindande Rettleiande prisliste: Prislista er kun meint som rettleiande hjelpemiddel. Prisen må alltid avtalast med administrasjonen og blir skreddarsydd til kvar kunde. Prisen kan avvike om det krevst meir øving, reise og/ eller diett. Prisane gjeld for ein musikar: Gravferd: 2.750,- Konfirmasjon: 3.000,- Bryllaup: 3.000,- Konferanse: 3.000,- Vilkår ved tinging av tenester: Stadfesting er bindande for begge partar. Oppdragsgjevar er ansvarleg for innmelding til TONO, der det er påkravd. Ved offentlege arrangement er oppdragsgjevar ansvarleg for PR/ marknadsføring av arrangementet. På annonsar og plakatar skal Distriktsmusikarane i Sunnfjord kommune vere med i teksten, spør gjerne om logo. Konsertlokalet må vere tilgjengeleg 1 time før konserten/ arrangementet. Ved oppdrag som varer lenger enn 5 timar har distriktsmusikarane krav på kostgodtgjersle, alternativt kan oppdragsgjevar stille med mat og drikke. Nyttar musikarane piano/ flygel til konserten, skal oppdragsgjevaren syte for at instrumentet er stemt. Distriktsmusikarane skal på førehand godkjenne at det vert gjennomført eit lyd og,- eller videoopptak. Prisen på stadfestinga gjeld berre den tenesta som er tinga. Om omfanget av oppdraget vert justert utover dette, vert prisen justert høvesvis. Avlyser oppdragsgjevar seinare enn 14 dagar før arrangementet, må han betale 50% av avtalt pris. Avlyser oppdragsgjevar seinare enn 5 dagar før arrangementet, må han betale full pris. Ved sjukdom eller liknande hos distriktsmusikarane vil distriktsmusikarane tilby tilsvarande teneste i dialog med oppdragsgjevar. Om berre delar av oppdraget vert utført og distriktsmusikarane er å laste for dette, vert prisen justert høvesvis. Ta gjerne kontakt med oss om de ynskjer hjelp. Sist endra 22.10.2021 12.37