Informasjon om anlegget
Naustdalshallen ligg ved Naustdal skule.
Idrettshallen i Naustdal stod ferdig i 2000 og er ein fleirbrukshall med eit bruttoareal på 1603 kvm. Hallen inneheld:
- Fleirbrukshall
- Scene (nedfellbar)
- Kiosk
- Vektløftarhall*
I hallen er det 4 garderobar, 2 dommargarderobar, og ei tribune. Idrettshallen er 20*40 meter og kan delast inn i 3 salar.
I tillegg til idrett, blir denne hallen brukt til ein del større arrangement.
* Vektløftarhallen er drifta av vektløftargruppa i Tambarskjelvar Idrettslag. Kontaktinformasjon finn du her: Tambarskjelvar Vektløfting | Facebook
Opningstider
Naustdalshallen kan leigast på kvardagar mellom klokka 16.00–22.00.
I helg og ferie er hallen tilgjengelig for leige mellom klokka 08.00–22.00, etter avtale.
Hallen er sommarstengt 4 veker i juli.
Slik søker du om fast treningstid
Finn søknadsskjema og informasjon om korleis du søker om fast treningstid
Det er høve til å søke på ledig treningstid fortløpande etter 15. august
Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i aktiv kommune. Her vil ein kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.
Leige av idrettshall i Aktiv kommune
Spørsmål?
Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen ved behov for hjelp til utfylling av skjema.
Meir informasjon finn du på sida: Søknad om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune