Informasjon om anlegget
Førdehuset er eit regionalt kulturbygg i Førde, som blei innvia i 1976 og påbygt i 1996. Storsalen blei nyopna i 2011etter ombygging og har 591 sete. Idrettshallen inneheld 3 handballbaner med tribuner. Her kan vi arrangere alt frå idrettsstemner til messer, store middager, fester og konsertar. Idrettshallen fekk nytt golv i 2015.
Førdehuset ligg sentralt i Førde og det innvendige arealet er på 17.500 m2. Førdehuset inneheld Førde kommune - Kultur med Førde bibliotek, Kino Førde, Symjehall, Idrettshall og Førde stadion. Meir informasjon finn du på Fordehuset.no
Leigetider
Idrettshallane :
Måndag – Fredag 15:00 – 22:00
Laurdag/Sundag 10:00 – 18:00
Symjehallane:
Måndag 15:00 – 22:00
Tysdag– Fredag 15:00 – 18:00
Faste treningstider blir tildelt etter søknad, som har frist 1. juni. Det er høve til å søke på ledig treningstid fortløpande etter 15. august.
Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere fasilitetar til arrangement ved å ta kontakt med Inge Larsen.
Kontaktinformasjon
Inge Larsen
E-post: inge.larsen@sunnfjord.kommune.no
Telefon: 57 61 27 63