Ungdomsklubbar i Sunnfjord

Ungdomsklubb er ein rusfri møteplass for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande.  

Det er to kommunalt drifta ungdomsklubbar i Sunnfjord kommune, Førde ungdomsklubb og  Naustdal ungdomsklubb. Vi jobbar for å skape trygge, opne, rusfrie og inkluderande møteplassar for ungdom i kommunen.  Ungdomsklubbane er politisk uavhengige og religiøst nøytrale, og medlem av ungdom og fritid.

Les meir om ungdom og fritid

Tilbodet er gratis og  ein arena der du kan møte andre ungdommar. Ungdomsmedverknad er viktig, og du som er ungdom kan vere med i klubbstyret eller delta som frivillig. 

Tre ungdomar - Klikk for stort bilete

 

 

Førde ungdomsklubb

Vi held til på Førdehuset, i Angedalsvegen 5 

Opningstider

Tysdag, onsdag og torsdag, kl. 14.30–20.00, for ungdomsskulen 

Ein måndag i månaden, kl. 15.00–20.00, for vidaregåande skule 

Ungdomsklubben har eit eige tilbod i skuleferiar via Grill `n chill

 

Sofakrok - Klikk for stort bilete

 

Gamingstol og skjerm - Klikk for stort bilete

 

Naustdal ungdomsklubb

Vi held til i det gamle legesenteret i  Berrevellene 34  

Opningstider

måndag klokka 14.30–18.30
onsdag  klokka 13.00–17.00
 

sofa - Klikk for stort bilete

 

biljard - Klikk for stort bilete

  
 

Ungdomsklubbane på Skei, Viksdalen, Vassenden og Sande

Desse fire er frivillig drifta ungdomsklubbar. Det vart i mai 2025 delt ut 750 000 kroner for delt på dei fire. 

Skei fritidsklubb opna i vår og held til på kommunehuset på Skei. 

Viksdalen ungdomsklubb held på å bytte lokale.

Vassenden og Sande ungdomsklubb er begge under oppstart.

Kontaktpersonar:

Skei – E-post til  Camilla Øvrebø
Viksdalen – E-post til Linda Fluge
Sande – E-post til Kristine Folland
Vassenden – E-post til Siren Heggheim Nilsen 

Ungdomsmedverknad i klubbane

Om du vil kan du også engasjere deg i kvardagen på ungdomsklubbane. Du kan komme med forslag til kva vi burde gjere på i klubben, kva aktivitetar vi bør ha og kva vi bør kjøpe inn av utstyr og for eksempel kioskvarer. Ta kontakt med personalet dersom du ynskjer å vere med i klubbstyret, eller du ynskjer å jobbe frivillig på klubben. 

Viktige samarbeidspartnarar

Kontakt

Eli Britt Danielsen
Ungdomskoordinator
E-post
Telefon 57 61 27 67
Mobil 94 81 84 40
Karin Fedje Bøyum
Miljørettleiar
E-post
Telefon 97 00 52 93
Mobil 97 00 52 93