Toåringen

"Trassalderen?"

Barnet treng å erfare at ho kan påverke verda, og ikkje berre tilpasse seg omgivnadene. Dette dannar grunnlaget for at barnet seinare kan ta eige initiativ og ansvar, og møte omgivnadane på ein god måte. Det vi oppfattar som «trass» er starten på å kunne kle på seg sjølv, pusse tenner, og alt anna barnet skal lære for å kunne stå på eigne bein. Som foreldre bør derfor ikkje målet vårt vere å fjerne den sterke eigenviljen, men å møte den på gode måtar. Når du aksepterer den uttrykte eigenviljen til barnet, opplever barnet å vere verdsett og at det kan påverke omgivnadane. Sjølv om du verdset kjenslene og ønska til barnet, inneber ikkje dette nødvendigvis at barnet får viljen sin.

Og du…? Når du har barn i småbarnsalderen, kan det lønne seg å ikkje stille spørsmål når barnet faktisk ikkje har eit val. Altså ikkje spørje "Skal vi gå og pusse tenner?", men heller seie "No skal vi pusse tenner".

Å takle dine eigne kjensler som forelder

Mange faktorar vil påverke korleis du reagerer i situasjonar som utfordrar deg som forelder. Din eigen oppvekst er referansepunktet ditt og ofte kan vi overta «mønster» frå våre eigne foreldre. Vi kan reagere som på impuls, utan å reflektere over kvifor. At vi alle har ulike erfaringar og forskjellige måtar å reagere på, er både naturlig og bra. Men for å vere ei god støtte for barna våre, er det viktig at vi klarar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt, og ikkje let oss rive med. Det er ikkje like lett bestandig.

Barn, foreldre og alkohol

Mange vaksne vil kose seg med alkohol, også når dei er i lag med barna. Når vaksne drikk alkohol kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Barn merkar endring hos vaksne tidlegare enn vi trur. Kor mange glas trur du barnet ditt toler at du drikk?

Utforsking av kroppen

Barn er nysgjerrige på kroppen sin, og treng kunnskap om kropp, kjensler og korleis forholde seg til seg sjølv og andre menneske. Foreldre er viktige for å hjelpe barn til å få ein sunn og trygg seksualitet. Ved å snakke om kropp, identitet og seksuell utvikling gjennom heile oppveksten er de med på å legge eit godt grunnlag for barnet sitt forhold til seg sjølv og andre. Lær barnet namn på alle kroppsdelane. Snakk om kva som kjennest godt (ein klem, kyss på panna, å holde i handa?) og kva som ikkje kjennest godt (når nokon luggar, slår, bit?). Forklar barnet at det kan seie "NEI" viss nokon gjer noko som ikkje kjennest godt. 

Språkutvikling - gode råd for å stimulere til godt talespråk:

  • Snakk med barnet om daglege hendingar
  • Bruk korte setningar
  • Snakk tydeleg og med vanleg språk
  • Gje barnet tid til å snakke ferdig - Lytt til barnet
  • Bruk bøker, eventyr, songar, rim og regler
  • Gje barnet opplevingar, og set ord på dei saman med barnet
  • Lær barnet fakta, stadnamn, namn på tre, blomar osv.
  • Leik med barnet
  • Gje barnet kjensle av å meistra. La det delta i daglege gjeremål.
  • Ha forventningar til barnet i høve nivået det er på. La det både vere stor og liten avhengig av situasjonen
  • Les for barnet (Bruk bøker, blad, aviser, fotoalbum)
  • Bruk biblioteket!

Gode matvanar

Helsedirektoratet tilrår eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder behandla kjøt (t.d. pølser, kjøtdeig), raudt kjøt, salt og sukker. Vatn er ein god tørstedrikk. Med utgangspunkt i kostråda, kan eit sunt kosthald settast saman på ulike måtar. Sjå gjerne etter nøkkelholsmerket når du handlar mat. Dette gjer det enklare å velje sunne alternativ.

Tannstell

Foreldre bør pusse tennene til barnet med litt fluortannkrem på ein mjuk børste. Ved å tilby faste måltid, unngå sukkerhaldig mat/drikke og bruke vatn som tørstedrikk hjelper de barnet til gode vanar som er bra for tannhelsa. Alle barn blir kalla inn til tannpleiar ved 3 års alder. Dersom barnet skadar tennene gjennom uhell i leik eller anna bør de ha låg terskel for å ringe tannhelsetenesta for vurdering.

Har de eiga drikkevasskjelde/brønn er det tilrådd å kontrollere kvaliteten, samt at de kontrollerer fluorinnhaldet. Ved høgt fluorinnhald bør de vurdere bruken av fluortannkrem i lag med tannlege/tannpleiar.

Fysisk aktivitet

Regelmessig fysisk aktivitet er nødvendig for normal vekst og utvikling, og god helse hos barn og unge. Dei minste barna er naturlig aktive, men foreldre bør passe på at aktiviteten er tilstrekkelig, allsidig og kjekk for barnet. Gå turar i nærmiljøet, i skogen, utforske terreng og underlag ved ulike årstider – med vatn, snø, is, mose, røter, gras, asfalt og strand. Aktivitet i barneåra gir gode erfaringar og sunne vanar barnet tek med seg inn i vaksenlivet.

Små barn og skjermbruk

Dei fleste barn I Norge veks opp med smarttelefon, PC og TV i miljøet sitt. Barnet fangar fort interessa for det som skjer på skjermane, og det venner seg til at foreldre har med mobiltelefonen over alt. Etter kvart blir barnet sjølv brukar av skjerm, for eksempel i form av barne-TV-tid eller at det får sjå teiknefilmar eller prøve spel for barn på mobil. Slitne foreldre kan kjenne at det gir ei etterlengta avkopling om barnet fangar interessa for ein skjerm og sit i ro ei lita stund. Verdens helseorganisasjon (WHO) tilrår at barn under 2 år ikkje brukar skjerm i det heile. Vi på helsestasjonen ønskjer at de tenker gjennom kva reglar de vil ha for skjermbruk i heimen. Vi tilrår at skjerm ikkje blir brukt ved måltid og i senga.

Barnesjukdomar

Er feber farleg? Er utslettet smittsamt? Når skal vi oppsøke lege? Når skal barnet vere heime frå barnehagen? Er det ok å gje reseptfrie legemiddel til barn?

Barn får lettare feber enn vaksne, og dei får ofte høgare feber. Feber er eit viktig ledd i kroppen sitt forsvar mot infeksjonar. Det er eit vanleg teikn på sjukdom, men feber er ingen sjukdom i seg sjølv.

Førebygging av skader og ulukker

Foreldre kan vere er engstelege for at det skal skje noko med barnet deira.

Lagre gjerne nummeret til Giftinformasjonssentralen på telefonen din: 22 59 13 00 (døgnope).

Barn og sol

Barn har tynnare hud og mindre pigment enn vaksne, og blir difor lettare solbrende. Solbrentheit gir større risiko for hudkreft seinare i livet, og gjer det viktig å beskytte huda i sola.

Passiv røyking gir helserisiko for barn

Passiv røyking er å puste inn luft med tobakksrøyk. Barn som blir utsette for passiv røyking er meir utsette for både kortvarige og langvarige helseplager. Dei har større risiko for krybbedød, astma, luftvegsinfeksjonar og øyrebetennelse.