Fakta om Naustdal skule

Naustdal skule

Naustdal skule (NASK) har skuleåret 25/26 341 elevar frå 1.–10. trinn og kring 60 tilsette. 

Skulen har flotte moderne lokale med attraktive uteområde i tilknyting til hall og idrettsanlegg, sentrumsfunksjonar, fjord og fjell. I tillegg er folkebiblioteket lokalisert i skulebygget og er ein viktig ressurs for skulen.

Satsingsområde

Skulen driv aktivt med pedagogisk utviklingsarbeid. Vi har særleg fokus på fagfornyinga, vurdering, begynnaropplærling og inkluderande praksis. Sidan skuleåret 22/23 har skulen også vore ein del av trivselsprogrammmet (TL). Målet med programmet er å gje auka trivsel, auka og meir variert aktivitet i friminutt og undervisning, bygge vennskap, førebygge konflikter og mobbing, og gje inkluderande, vennlegge og respektfulle elevar.

Våre kjerneverdiar er: God læring og glede, tryggleik, trivsel og venskap.

Læring i samarbeid med andre gjennom tverrfagleg arbeid, fysisk aktivitet og klasse- og elevrådsarbeid står sentralt i skulekvardagen vår.

Skuledagen vert organisert ulikt på trinna