Overgang barnehage skule

Sunnfjord kommune legg stor vekt på å sikre ein god overgang frå barnehage til skule for alle barn. Målet er å skape tryggleik og kontinuitet i overgangen, slik at barna får ein god start på skulegangen.

Eit sentralt element i dette arbeidet er samarbeid og kommunikasjon mellom barnehagar og skular. Gjennom utveksling av relevant informasjon om kvart barn får skulane innsikt i borna sine sterke sider, interesser og eventuelle behov for tilrettelegging.

Vi gjennomfører også overgangsmøter der føresette, barnehagelærarar og lærarar deltar, dersom det er behov for det.. Desse møta gir ein moglegheit til å diskutere borna sine behov og forventningar til skulestart. I tillegg blir det arrangert besøksdagar der borna får besøke skulen, møte lærarane og bli kjent med nye omgjevnader.

For å støtte borna sosialt og emosjonelt, legg vi vekt på at borna skal få tid og rom til å bli kjent med nye venner og skape tryggleik i den nye kvardagen. Aktivitetar som fremjar sosialt samspel og inkluderande leikar er viktige element i denne prosessen.

Eit sentralt vektøy i arbeidet med å sikre ein trygg overgang er Frode Laks som du kan lese meir om her.