Velferdsteknologi – saman løfter vi tilbodet i regionen

Sunnfjord kommune, saman med fem kommunar i Sogn og Fjordane, har fått tildelt éin million kroner frå Helseteknologiordninga for 2026 til vidare arbeid med velferdsteknologi for barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. I ei tid der både lovverk, ressursar og innbyggjarane sine behov er i endring, blir tidleg og tverrsektoriell innsats stadig viktigare. Endringar i tvangslovverket (2025) og at CRPD blir del av norsk lov (2026) set nye rammer for korleis kommunane skal møte målgruppa på ein god måte. Denne artikkelen løftar fram kva tildelinga kan bety for regionen, og kva som ligg bak satsinga

Historikk

Velferdsteknologi har vore ei nasjonal satsing heilt sidan 2013 med etableringa av Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP). NVP gjekk over i Helseteknologiordninga frå 2024/25. 

Regional satsing og NVP: I 2022–2024 deltok Sunnfjord kommune, saman med kommunar i heile Vestland, i Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP) si satsing innan velferdsteknologi til målgruppa barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting.  Eit sentralt mål var å sikre tilbod om velferdsteknologi for målgruppa i minst éi kommune i kvart fylke innan 2024. Satsinga retta seg særleg mot barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing.

Vidareføring i 2025: Kommunar frå NVP-samarbeidet i Sogn og Fjordane gjekk saman om vidareføring av arbeidet og fekk prosjektmidlar frå Helseteknologiordninga i 2025.

Nasjonale faglege råd

Nasjonale faglege råd  for Velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne (2021) tilrår at kommunane (1) etablerer tverrsektorielle tenesteforløp for tildeling og oppfølging av velferdsteknologi, (2) tilbyr velferdsteknologi som del av tenestene for å auke meistring og deltaking, og (3) involverer barnet og familien i kartlegging, tildeling og oppfølging. Råda understrekar eit livsløpsperspektiv – frå heim og barnehage til skule, fritid, utdanning og arbeid – og at systematikk gir betre kvalitet og samanheng. Heilskap er eit viktig stikkord.

Kva betyr «heilskap» i praksis?

  • Frå enkelttiltak til system: Teknologien verkar best når den er del av eit heilskapleg tenestesystem – menneske, organisering og teknologi som verkar saman, med klare roller og ansvar. 
  • Heile dagen, heile livsløpet: Tenesteforløpet bør dekkje overgangar og arenaer (heim, barnehage, skule, fritid, utdanning, arbeid) for å unngå tilfeldige avgjerder og sikre kvalitet og kontinuitet. 
  • Tidleg innsats og delmål: Gevinstar kjem ofte over tid; difor må vi starte tidleg, setje delmål og evaluere systematisk. 

Brukarmedverknad: Barn/ungdom og familie skal medverke i val og oppfølging – det aukar nytte, eigarskap og varig bruk. 

Lovverksendringar i 2025 og 2026

Frå 1. september 2025 kom det Endringar i helse‑ og omsorgstenestelova kapittel 9 som gjer at bruk av varslings‑ og lokaliseringsteknologi ikkje lenger automatisk blir rekna som tvang for personar med utviklingshemming; Pasient- og brukarrettigheitslova § 4‑6 a gjeld på lik line som for andre dersom det ikkje er motstand. Dette styrkjer sjølvbestemming, gir enklare prosessar og meir likebehandling.

Frå 1. januar 2026: CRPD er innlemma i menneskerettslova og har forrang ved motstrid, noko som skjerpar krava til likestilling, deltaking og tilgjenge i kommunane sine tenester. Velferdsteknologitenester vil òg vere inkludert i desse krava.

Arbeid i prosjektet i 2026

Arbeidet i 2025 handla om å etablere samarbeid både internt og med eksterne, kartlegge status og behov i kommunane, arbeid med korleis skape heilskaplege tenester, sette seg inn i lovverksendring, hente inn erfaringar og bygge kompetanse. Kommunane byrja òg å ta auke bruken av aktuelle velferdsteknologiske løysingar til målgruppa.

I 2026 handlar det om å vidareføre arbeidet med tverrsektorielt arbeid i kommunane, få på plass rutiner og ikkje minst kunne tilby velferdsteknologi etter behov til innbyggjarane sine i målgruppa. Kommunane har allereie tilgang til velferdsteknologi til målgruppa gjennom dei kommunale rammeavtalane og gjennom søknad til NAV Hjelpemiddelsentral. Andre velferdsteknologiar vurderast ut frå behov i kommunane. Difor er samarbeidet med dei rådgjevande aktørane i prosjektet så viktig og nyttig.

Les meir om arbeidet i 2025 i desse artiklane:

Samla for betre velferdsteknologi til barn, unge og vaksne - Sunnfjord kommune

Velferdsteknologi for barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting - Sunnfjord kommune

Fakta om prosjektet

  • Samarbeidskommunar: Bremanger, Fjaler, Kinn, Luster, Sunnfjord og Årdal 
  • Prosjektansvarleg kommune: Sunnfjord 
  • Organisering: Styringsgruppe, prosjektleiar, lokale prosjektleiarar i kommunane, prosjektgruppe og lokale arbeidsgrupper i kommunane - tverretatleg samansett.
  • Rådgjevande aktørar: NFU, NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde, Helse Førde HF vaksenhabilitering og USHT i Vestland (Sogn og Fjordane) og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.
  • Prosjektet samarbeider med desse aktørane: KS nettverk for e-helse Digi Vetstland, Prosjekt DHO Digital heimeoppfølging i Sogn og Fjordane, Vilje Helseklynge og Kommunenes samarbeidsarena for forskning (KSF)
  • Finansiering: Tilskot frå Helseteknologiordninga og eigefinansiering 
  • Prosjektperiode: 2025 og forlenga i 2026 
     

Kontakt 

Deltakarar på samling 1. september 2025 i Førde - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune Deltakarar i prosjektgruppa arbeider med oppsummering av arbeidet gjort i 2025 - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune