Programmet: Brei kompetanse og mange perspektiv
Gjennom to innhaldsrike dagar fekk deltakarane høyre innlegg frå:
Samarbeidskommunane: Årdal, Sunnfjord, Luster, Kinn, Fjaler og Bremanger presenterte sine lokale arbeid med velferdsteknologi.
Brukarperspektivet: Brukarmedverkar i prosjektet Øyvind Y. Juvik frå NFU Vestland delte erfaringar og syn på framtidas tenestereiser.
Erfaringar frå andre prosjekt: Irene Hatteland Haugland som er nettverksressurs e-helse i Digi Rogaland, presenterte erfaringar frå BUV-prosjektet som har blitt gjennomført i Rogaland.
Inspirasjon frå Trysil: Filmen «Smarte løsninger gir en enklere hverdag» viste korleis teknologi kan gjere kvardagen enklare.
Sjå filmen her
Lovverk og verktøy: Fagrådgjevarane Ida Therese Johannessen og Steinar Skaug i Bergen kommune presenterte samtykkeverktøy og flytskjema for lovverksendringa i Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Les meir om lovendringa her
Fagleg innspel om Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9: Fredrik Linde Karlsen ved Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) ved Helse Førde gav ei kort orientering om lovendringane. I tillegg fekk vi innsikt i korleis ein kommune i regionen hadde samarbeida med HAVO når dei skulle ta i bruk ein type velferdsteknologi i bu- og miljøtenestene.
Praktisk arbeid: Deltakarane jobba med case knytt til lovverksendringar og forbetring av tenestereiser.
Ein viktig del av samlinga var arbeidet med tenestereise-metodikk. Rådgjevar Annette Eri Norevik frå Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Vestland (Sogn og Fjordane), med spisskompetanse på velferdsteknologi, leia deltakarane gjennom ein strukturert prosess for å kartleggje og forbetre tenester. Denne metodikken gav konkrete verktøy for å utvikle meir brukarorienterte og heilskaplege løysingar gjennom KS sitt veikart for tenesteinnovasjon og heilskapleg tenestemodell.
Les meir om metodikken her
Evaluering: Motivasjon og konkrete resultat
Tilbakemeldingane frå deltakarane var svært positive. Dei framheva:
- Fornya motivasjon og verdifull kunnskap om teknologi, lovverk og implementering.
- Inspirasjon frå andre kommunar og korleis dei løyser utfordringar.
- Praktiske verktøy som flytskjema for lovendringar og ein heilskapleg tilnærming til tenestemodellar.
- Moglegheiter for erfaringsdeling og samarbeid på tvers av sektorar.
Samlinga skapte intensjonar om å ta i bruk nye idear og styrkje samarbeid i eigen kommune.
Fakta om prosjektet
- Samarbeidskommunar: Bremanger, Fjaler, Kinn, Luster, Sunnfjord og Årdal
- Prosjektansvarleg kommune: Sunnfjord
- Organisering: Styringsgruppe, prosjektgruppe og prosjektleiar
- Rådgjevande aktørar: NFU, NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde, Helse Førde HF vaksenhabilitering og USHT i Vestland (Sogn og Fjordane)
- Finansiering: Tilskot frå Helseteknologiordninga og eigefinansiering
- Prosjektperiode: 2025, med moglegheit for forlenging
Kontakt
Takk til alle som deltok og bidrog til ei lærerik og inspirerande samling!