Seks kommunar – eitt felles mål
Om lag 25 deltakarar frå dei seks samarbeidskommunane Bremanger, Fjaler, Kinn, Luster, Sunnfjord og Årdal var samla på Sunnfjord rådhus i Førde. I tillegg deltok brukarrepresentant frå NFU Vestland og representantar frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde – begge viktige samarbeidspartnarar i prosjektet.
Samlinga vart opna av kommunalsjef for omsorg i Sunnfjord kommune, som er prosjekteigar. Formatet var lunsj-til-lunsj, noko som gjorde det enklare for deltakarar med lang reiseveg – og lunsjen i rådhuskantina vart godt mottatt!
Fagleg påfyll og samarbeid
Samlinga var den første store møteplassen i prosjektet, og mange deltakarar var ukjende for kvarandre. Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) Vestland – Sogn og Fjordane leia bli-kjent-aktivitetar som skapte engasjement og la grunnlaget for vidare samarbeid.
Programmet inneheldt både faglege innlegg og praktiske workshopar. Deltakarane fekk innsikt i aktuelle velferdsteknologiar frå kommunane sin rammeavtale og frå NAV Hjelpemiddelsentral. Dag to fokuserte på kartlegging av tenestereiser – ein viktig del av den heilskaplege tenestemodellen som prosjektet skal ta i bruk.
Mål for samlinga
• Få oversikt over tilgjengeleg teknologi for målgruppa
• Utforske moglegheiter i eigen kommune
• Lære om organisering av tenester gjennom heilskapleg tenestemodell
• Starte kartlegging av tenestereiser
• Definere lokale prosjektmål
Fullstendig program. (PDF, 183 kB)
Fakta om prosjektet
• Samarbeidskommunar: Bremanger, Fjaler, Kinn, Luster, Sunnfjord og Årdal
• Prosjektansvarleg kommune: Sunnfjord
• Organisering: Styringsgruppe, prosjektgruppe og prosjektleiar
• Rådgjevande aktørar: NFU, NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde og Helse Førde HF vaksenhabilitering
• Finansiering: Tilskot frå Helseteknologiordninga og eigefinansiering
• Prosjektperiode: 2025, med moglegheit for forlenging
Kontakt
Prosjektleiar: Gro Helen Dyrdal Løvik
E-post: gro.helen.dyrdal.lovik@sunnfjord.kommune.no
Telefon: 57 61 26 75