Pannekaka

Norsk folkeeventyr frå samlinga til Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885), Jørgen Moe (1813-1882) og Moltke Moe (1859-1913)

Der nyare barnebøker som «Pølsetjuven» er komplekse kunst-uttrykk som inviterer til tolking, refleksjon og medskaping, representerer eventyra regelbundne forteljingar som fylgjer visse mønster og narrative omkvede. Rammeplanen for barnehagen understrekar at eventyra er ein viktig del av kulturarven vår og barnehagen er ein viktig arena for å utvikle kulturell identitet.

Høgtlesing av eventyr inneber at vi blir sosialiserte inn i vår skriftkulturelle identitet, både språkleg og sjangermessig. Eventyra er godt eigna til å utvikle sjangerkompetanse fordi dei fylgjer mønster som gjer at vi kan byggje forventningar og lage hypotesar om teksten undervegs i lesinga. Eventyret som vi no skal sjå nærare på er i tillegg godt eigna til å lytte og leike seg med lydar i språket.

«Det var ein gong ei kone, som hadde sju svoltne ungar og dei steikte ho ei pannekake til.»

 Slik byrjar det kjende eventyret i Maria Parr si omsetting. Allereie i første setninga kjem vi på sporet av reglar, mønster og lydleik. Den formelprega innleiinga som kjenneteiknar eventyra er på plass: «Det var ein gong».  Talet sju peiker mellom anna på kor mange element vi menneske klarer å halde i sving i arbeidsminnet på same tid. Folke-eventyra våre har levd på folkemunne frå generasjon til generasjon. Dei fylgjer slike strukturerande mønster fordi det gjer dei lettare å hugse og fortelje vidare. Kona hadde sju svoltne ungar. Bokstavrimet peikar mot det mest vesentlege språklege kjenneteiknet ved akkurat dette eventyret: Rim-mønster som gjentek, utviklar og endrar seg.