Demografiutvikling og omstillingsbehov

Utviklinga i befolkninga og elevtalet i kommunen

Kva er demografi – kvifor er det så viktig?

Demografi seier noko om kva slags innbyggjarar vi har i kommunen vår. Korleis befolkninga er samansett påverkar utgiftsbehovet vårt. Altså kva tenester kommunen bør produsere meir eller mindre av. Utgiftsbehovet påverkar også inntektene vi får frå staten.

Sunnfjord kommune har i mange år hatt ein høg andel barn og unge, og dermed eit høgare behov for barnehagar og skular enn det som er vanleg elles i landet. Vi ser no at dette bildet endrar seg.

Enkelt forklart viser den demografiske utviklinga for Sunnfjord kommune at tal barn og unge går ned, samtidig som tal eldre går kraftig opp. Det gjer at vi må bruke ressursane på ein anna måte i åra framover, enn vi gjer i dag. Innsikt i den demografiske utviklinga står heilt sentral når vi skal planlegge for framtida.

Tala sin tale

Illustrasjon av fire nøkkeltal: 2901 elevar i grunnskulen, 14 grunnskular, 208 elevar pr.skule og kor mange gjennomsnittsskular det synkande elevtalet utgjer. - Klikk for stort bileteNøkkeltal

 

I 2023 har Sunnfjord kommune 2 901 elevar ved grunnskulane våre. Desse er fordelt på 14 ulike barne- og ungdomsskular rundt omkring i kommunen, med Vevring skule som den minste og Halbrends skule som den største. I gjennomsnitt går det 208 elevar på kvar skule i Sunnfjord kommune. 

I løpet av dei neste 10 åra er det venta at elevtalet vil gå ned med 510 personar*, før nedgangen flatar ut på eit stabilt, men lågare nivå. Det tilsvara ein nedgang på om lag to og ein halv skular. Nedgangen i elevtal kan bli så stor at den utfordrar ressursfordelinga i heile kommunen. 

Ei anna utfordring er at utviklinga i elevtalet ser ut til å variere mykje mellom dei ulike skulekrinsane. Sjølv om dei fleste vil oppleve ein generell nedgang, vil enkelte skulekrinsar kunne få ein flat- eller til og med positiv elevtalsutvikling. Det gjer bilete meir samansett, og det blir vanskelegare å finne «ei klar løysing» på problemet. Vi blir difor nødt til å undersøke korleis endringar i elevtal vil kunne påverke kvaliteten og kapasiteten. Både i den enkelte skulen, og generelt i Sunnfjordskulen. 

*SSB si folketalsframskriving (juli 2022) ved middels folketalsvekst (MMMM-alternativ).

Endringar i demografi = Omstillingsbehov

Demografien påverkar utgiftsbehovet for ulike tenester i ein kommune. Det samla utgiftsbehovet for alle tenester, vil i sin tur påverke dei frie inntektene som kommunen får frå staten.

Staten gir med ein hand, og tar med den andre.

Figuren under viser endring i utgiftsbehovet dei neste ti åra som følgje av befolkningsutviklinga. Men figuren gir også eit godt bilde på korleis staten finaniserer kommunane gjennom inntektssystemet.

Utgiftsbehovet til den eldre delen av befolkninga vil auke med 150 mill. kroner (søylene over grafen), fordi vi blir fleire eldre. Det betyr at kommunen vil ha eit større behov for kommunehelse, dagsentertilbod og pleie- og omsorgstenester m.m. Slike tenester bør kommunen ha meir av. Du kan sjå for deg at staten dekker denne ekstrakostnaden med den eine handa.

I same periode vil utgiftsbehovet til den yngre delen av befolkninga gå ned med 90 mill. kroner (søylene under grafen) fordi vi blir færre barn og unge. Altså bør kommunen redusere sitt tilbod innan barnehage, skule, barnevern etc. ettersom behovet for slike tenester er venta å gå ned. Du kan sjå for deg at staten tar dette tilbake med den andre handa.

I møte med eldrebølgja får Sunnfjord kommune «berre» 60 mill. kroner frå staten. Resten av utfordringa må kommunen løyse sjølv ved å omfordele ressursar - frå tenester med lågt behov til tenester med høgt behov. Ei slik omfordeling vil i praksis bety ei stor og krevjande omstilling av tenestene.

Graf som illustrerer korleis befolkningsutviklinga i kommunen påverkar den forventa innteka. Fleire eldre gir auka overføringar, og reduksjon i barn og unge reduserer.  - Klikk for stort bileteUtgiftsbehov