Søke om eller endre plass

Du søker via Visma Flyt Skule om SFO-plass. 

Søk om SFO-plass

For barn i 5.–7. klasse med særskilte behov, må du legge fram sakkunnig vurdering. 

Ta kontakt med skulen om du har spørsmål om det enkelte SFO-tilbodet. 

Kor tid får du svar på søknaden?

Alle som har søkt innan fristen får tilbod om plass i god tid før skulestart. Logg deg inn på same plassen som du søkte for å finne svarbrevet. Du finn vedtaket om plasstilbod under "dokument" i Visma flyt skole.

Etter å ha fått plass vil du bli bedt om å oppgi kva tider de ynskjer å nytte timane.

Søknadsfrist 

  • Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. april

Du kan likevel søke om opptak heile året. 

Dersom du skal endre eller seie opp plassen

  • Du må logge deg inn på Visma Flyt Skule for å endre frå til dømes A til C-tilbod.
  • På same plassen kan du seie opp SFO-plassen. Oppseiingsfristen er ein månad. Seier du opp før den 1. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. i påfølgande månad. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 1. april. 
  • Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.
  • Dersom barnet ditt skal ha same tilbodet neste skuleår, treng du berre å melde frå kva tider ein ynskjer å nytte timane.